JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Dyrevelferd

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kva medkjensle har vi for fisken, og korleis kan vi vite kva fisken treng for å ha eit godt liv? Fisk er i alle fall ikkje glad for å bli handsama og løfta ut av vatnet på dette viset.

Foto: Veterinærinstituttet

4327
20200821

Under overflata

Arve Nilsen er veterinær og forskar ved Veterinærinstituttet. I denne spalta tek han føre seg følgjene av lakseoppdrett.

«Å tene dyra er å gagne menneska.» Dette sitatet frå den franske forfattaren Émile Zola møtte oss som unge studentar ved den gamle Veterinærhøgskulen på Adamstua i Oslo. Vi blei høgtideleg innrullerte som sveinar i teneste hos veterinærvernehelgenen St. Blasius, som visstnok vart heilagkåra på grunn av stor omsut for alt levande.

I gamle dagar snakka vi om dyrevern, vi var stolte over at vi var eit av dei første landa i verda med eiga dyrevernlov alt i 1935. I 1980-åra lærte eg på dyrlegeskulen om den flotte dyrevernlova frå 1974 med den poetiske og vakre, om enn ikkje heilt presise, formuleringa: «Du skal fara vel med dyra og ikkje lata dei lida i utrengsmål.» Lova var ambisiøs for si tid og omfatta både pattedyr, fugl, frosk, salamander, krypdyr, fisk og krepsdyr.

Men samfunnet har endra seg og normene med det. Dei fleste av dei små og mellomstore gardsbruka er erstatta av større verksemder, og i dag er industrielt oppdrett av fisk den største husdyrnæringa i landet. Det kan sjå ut som eit paradoks at kunnskapen vår om dyrs naturlege åtferd og behov har auka proporsjonalt med avstanden mellom folk flest og husdyra dei et til middag.

KVA ER EIN GLAD LAKS?

Med meir kunnskap om det indre livet til dyra har vi auka interessa for at dyra ikkje berre skal vernast mot unødig liding, men òg få høve til å leve eit så godt liv som mogleg. Men folk som jobbar med fiskeoppdrett, veit at det ikkje er så lett å finne ut korleis laksen har det. Laks er ein fisk skapt for å symje langt, for å jakte på mat og for å kjempe seg heim til fødeelva for å gyte. Men i merdane sym han som ein skugge der nede i vatnet, aller helst tett i stim med dei andre laksesyskena sine.

Dei retteleg sjuke laksane ser ein lett, dei plasserer seg ofte høgt i vatnet og der det er lite straum. Dei kan ha synlege skadar som sår, finnerote og skadar i auga, eller dei kan vere små og magre og ha uvanleg mørk hudfarge. Fisk med gjelleskadar gaper mykje og driv kanskje medstraums, fisk med lus kan hoppe, vere uroleg og få hudskadar og sår. Sjuke og daude fiskar kan vi undersøke for å leite etter årsaker og diagnosar. Men alle dei andre fiskane, dei i den store stimen, korleis har dei det? Er dei glade, stressa, bekymra, svoltne eller har dei kan hende litt vondt i magen? Kjedar dei seg der dei sym i kvilelause sirklar?

Dyrevelferd kan vi prøve å måle og forstå på fleire vis, ved å sjå på kor fort dyra veks, og om dei held seg friske eller døyr av sjukdom (funksjonsmetoden), ved å finne ut om dei er verna mot stress og uro (kjenslemetoden), eller ved å vurdere kor mykje dei kan få oppfylt av naturlege behov (naturleg liv-metoden).

MANGLANDE RETTSVERN

I eit oppdrettsanlegg er det lønsamt og ofte enklast å sjekke den funksjonelle velferda: Vekst og overleving er bra for laksen og ikkje minst for oppdrettaren. For å få eit indirekte mål på kjenslelivet til fisken kan forskarar måle nivået av stresshormon i blodet eller genaktiviteten inne i cellene til fisken. Dyrevernorganisasjonar talar varmt om at alle dyr vil ha det best om dei lever fritt og i pakt med naturen.

Det har lenge vore slik at 15 til 20 prosent av oppdrettslaksen døyr i merdane. Men til no har måten vi omtalar dyrevelferd på, og utforminga av lovverket, vore annleis for fisk enn for andre husdyr. Forskarar og filosofar har kritisert at vi omtalar levande fisk som «biomasse», at fisk som døyr blir kalla «svinn». På det viset blir fisk i større grad enn dei andre husdyra sett på som mat eller som ei råvare i staden for som eit levande vesen. Der sauer og andre husdyr framleis kan stå fram som individ, er laksen berre ein stim av gåtefulle skapningar i djupet. I tillegg er den nærast totale kontrollen vi har over livet til husdyra, i særleg grad oppdrettsfisken, ei stor etisk utfordring.

Er det tenkjeleg at vi kan klare å få eit betre rettsvern og eit betre liv for oppdrettsfisken når vi held fram med å drive oppdrett slik vi gjer i dag, eller skal vi berre vri litt på gamle Émile Zola og seie at det som tener menneska, må vere gagnleg nok for dyra.

Arve Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Den nærast totale kontrollen vi har over livet til husdyra, i særleg grad oppdrettsfisken,
er ei stor etisk utfordring.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis