Mange av oss er vanedyr, men me har visst eit villdyr i oss òg. Når dette villdyret vaknar, må folk akta seg, for då er styrlause krefter i sving. Villskapen finst i tamde dyr òg: Hundar kan bita endå dei har lært at dei ikkje skal gjera det. Denne førestillinga om at me – og visse dyr – har ville og farlege drifter som ligg gøymde under ei sivilisert yte, er so innarbeidd at me snautt ansar henne. Men kor dyrisk er murmeldyret? Og er ikkje ordet dyrehund smør på flesk?
Dyr er eit nedervt substantiv som ter seg i alle dei germanske måla (t.d. svensk djur, tysk Tier). Opphavet skal vera ei indoeuropeisk rot med tydinga ‘anda’, so vårt dyr har mykje sams med ordet animal, som heng i hop med latin anima (‘ande, andedrag’). Dyr har jamt over den same tydinga i dei ulike måla, men engelsk skil seg ut: Deer vert berre nytta om dyr i hjorteætta. Det er ikkje so underleg. Norsk dyr kan nyttast om levande skapningar av mange slag, men ordet har òg – i mange hundreår – vore nytta i ei meir avgrensa tyding: Det har vore nemning for elg, hjort og rein. Orda dyrkjøt og dyrsteik vert helst nytta om reinsdyrkjøt. Dyrkolle er eit anna ord for ‘hind, hohjort’. Dyrehund er den gamle nemninga for ‘elghund’.
Somme dyrearter er utdøydde no, men dyreriket er framleis stort og mangslunge. Her finst landdyr og sjødyr, klauvdyr og klodyr, nyttedyr og skadedyr, livdyr og slaktedyr, totemdyr og offerdyr. Mange av dyrekategoriane våre overlappar kvarandre. Me kan til dømes seia at kattedyra er rovdyr, nattdyr og spendyr, og tamkatten er attpåtil husdyr og kjæledyr. Det typiske dyret har fire føter, lever på land og er måteleg stort, til skilnad frå fugl, fisk og insekt. Men det hender at me brukar dyr om slike skapningar òg, til dømes når me seier at den og den staden har «eit rikt dyreliv». Folk kan òg seia at dei har «fått dyr på seg». Då dreiar det seg gjerne om småe kryp (t.d. veggedyr) – det er ikkje stinkdyr eller beitedyr som har kasta seg over dei.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.