Fugleperspektiv
Dverglo i kikkerten
Den vaksne dverglohannen i hekkedrakt har beksvarte teikningar på hovudet og kring halsen. På engelsk heiter arten «little ringed plover».
Foto: Naïd Mubalegh
Eit rop stig gjentekne gonger frå steinkanten på hi sida av tjernet og lokkar blikket til seg: «Piu! Piu! Piu!» Klangen er nervøs og noko sørgmodig samstundes. Der rører ein av dei grå steinane seg. I kikkerten kjem eit lite fuglehovud med eit stort, svart auge til syne, nett omkransa av ein lysegul ring. Fuglen har ein brei svart ring kring halsen, og eit kvitt andlet med ei todelt, svart maske som fangar både nebbrota og panna.
Ryggen er gråbeige. På avstand liknar fuglen ein rullestein. Han er liten, ei dverglo. Den gule ringen rundt auga er eit sikkert kjenneteikn for å skilje han frå slektningen sandlo, som ikkje berre manglar augering, men også er kraftigare bygd.
Utan direkte samanlikningsgrunnlag kan vurdering av storleik og dermed art i felt like fullt vere utfordrande med desse to artane. Den vesle steinfarga fuglen lettar, flyg i ein snøgg sirkel medan han ropar, og landar om lag på same plass som før. På oversida av vengjene er det ikkje noko kvitt band – nok ein skilnad mellom dverg- og sandlo.
Møtet vert no også plutseleg farga av kunnskapen om at arten vart vurdert som sårbar, på den siste norske raudlista for artar, frå 2021. Den norske bestanden, som er i det nordvestlege hjørnet av utbreiingsområdet, er rett nok liten, og dette i seg sjølv gjer arten lokalt sårbar for ei rekkje trugslar. I 2015 vart han anslått til å liggje mellom 300 og 550 individ (til samanlikning ligg den norske bestanden av sandlo på om lag 20.000–30.000). Ropa i dag er varselrop: I år har eit dverglopar slått seg ned innanfor Storøykilen naturreservat på Fornebu, ved ein av dei nye dammane som vart gravne ut i fjor i eit prosjekt for å restaurere våtmark.
Her låg den internasjonale flyplassen før han vart flytta til Gardermoen i 1998. Medan flya landa og letta dag og natt frå halvøya utanfor Oslo, visste det lokale ornitologiske miljøet at Fornebu baud på gode hekkekår for ei rekkje fugleartar. I tillegg var det ein svært viktig rasteplass for langt fleire under vår- og hausttrekket. Alt i 1992 vart eit naturreservat etablert der eg står no.
Når eg spør nokre av dei som har følgt fuglelivet her over fleire tiår, svarar dei at dei lenge har spådd at dvergloa ville verte utrydda frå Fornebulandet, der utbyggingspresset er så stort. Då flyplassen vart borte, vart halvøya til Noregs største utbyggingsprosjekt. Men det verkar som om den vesle bestanden på nokre få par har klart å dra nytte av nett byggjeplassar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.