Ord om språk
Dukknakka vrakdykkar
Teikning: May Linn Clement
Nokre tek seg dukkertar året rundt og prøver radt å få oss andre til å gjera det same. Om me spør kvifor ein skal driva og dukka seg ned i iskaldt vatn, har dei mange svar. Her skal me dukka unna oppmodingane om isbading og heller gjera eit djupdykk i ordbøkene.
I ordbøkene kan me dukka etter skattar, men rota til dukka og dykka finn me ikkje. Frå djupet av løynde utspring dukkar det likevel fram noko: eit germansk verb som byrjar på duk(k) og har tydinga ‘bukka seg, søkkja seg’. Herfrå kjem det engelske dyrenamnet duck (‘and’, eig. ‘ein som dukkar’).
Frå det same ordet kjem lågtysk dukken og sideforma dücken, som har funne vegen inn i norsk: dukka og dykka. Orda dukkar ikkje opp i norrøne kjelder, etter det eg kan sjå. Ivar Aasen tok med dukka og dukkar i ordboka si, men ikkje dykka og dykkar.
I dag kan me ofte velja mellom dei. Me kan seia at ubåten dukkar eller dykkar, ta på oss dukkarmaske eller dykkarmaske og driva med sportsdukking eller sportsdykking. Her som elles lyt me akta oss for særskrivingsfeil: Det er skilnad på dykkardrakt og dykkar drakt.
Stundom har me ingen valfridom. I Nynorskordboka finn eg berre djupdykk, ikkje djupdukk. Ein dukkert er noko anna enn ein dykkert (spikar med lite hovud til å slå heilt inn i treet, av dykka). Ein kan «hoppa dykk» (gå over lista i høgdehopp med hovudet fyrst og brystet ned, jf. dykkstil, kan henda etter svensk dykstil, av dyka ‘stupa, dukka’). Kva med å «gå dukken»?
Omgrepa våre er ordna slik at bra er opp og dårleg er ned. Jamvel om me seier at noko(n) dukkar opp, fram eller inn gjennom (t.d. døra), er dukking i utgangspunktet rørsle nedetter. Og jamvel om det finst dei som går under vatn med vilje og glede, er søkking ofte det same som å verta gjord til inkjes. «Gå dukken» har mykje sams med «gå til grunne (el. grunns)» (eig. om skip: ‘gå til botnar’), «gå ad undas» (‘til bylgjene’) og «gå under».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.