Me held visst på med ein landsfemnande – eller endåtil verdsfemnande – dugnad no. Han liknar litt på vanlege dugnader: Nokre gjer meir enn andre, og so godt som alle gler seg til å verta ferdige. Det uvanlege med denne dugnaden er at det vert rekna som bra å ikkje gjera noko. Å sitja på rauva heime er framifrå dugnadsinnsats! Men duger det?
Arveordet duga (norr. duga) har gjennom hundreåra synt at det duger til mangt. Me kan bruka det til å målbera at noko gagnar, hjelper eller er brukande: «Det duger ikkje stort.» «Treet duger ikkje til vyrke.» Me kan òg bruka duga om å vera god nok, sterk nok eller greia å gjera noko: «Dei duger til arbeidet.» «Me dugde ikkje halda oss heime lenger.» Grunntydinga til duga er truleg ‘vera kraftig, sterk, god’. Alt i mellomalderen vart duga nytta i tydinga ‘hjelpa (til)’, og dugnad tyder rett og slett ‘hjelp’. I ætta til duga finn me dug(leik), dugeleg og ikkje minst dygd, som har grunntydinga ‘det som duger’. Gode gjerningar og eigenskapar vert gjerne kalla dygder, og dygdefulle folk er dygdemønster. Men merk ordtaket: «D’er ikkje langt imellom dygd og udygd.»
Den danske forma av dygd er dyd, og denne forma er komen inn i nynorsk gjennom bokmål. Ein annan inntrengjar er det lågtyske adjektivet dyktig. Ordet er i ætt med duga eit stykke uti, men er det meir dugande enn dugande og dugeleg? Og treng me ordet konkurransedyktig når me har tevlefør? Det må elles nemnast at dygd ikkje treng å visa til moralsk verdfulle eigenskapar, reinleik, jomfrudom og hug til det sedeleg gode. Dygd kan tyda ‘næring, mette, feitt’ og ‘styrke, føremon’. Dygdig mjølk er feit mjølk, og i staden for «kvantitet og kvalitet» kan me seia «mengd og dygd». Dei som viser eller provar dygda si, viser kva dei duger til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.