Språk

Du slette mi tid

Publisert

Me kan nok ikkje seia at Danmark er slett som eit stovegolv, men eit sletteland er det like fullt. Tyder det at alle som gjer eit lite hopp i Danmark, landar på sletta? Å landa på sletta i ein hoppbakke er i alle fall meir krevjande enn å hoppa rett opp og ned. Lange svev gjer dessutan eit uutsletteleg inntrykk.

Til alt hell har ikkje adjektivet slett sletta alle spor etter seg. Spora leier oss til ei germansk rot som tyder ‘smørja, klina’. Denne rota har mellom anna gjeve oss orda lim og slim, og det ser rett og slett ut til at slett (norr. sléttr) opphavleg var partisippet til eit verb som voks fram av denne rota. Det kan verka underleg at slett og (s)lim er i ætt, men når me smør eller kliner noko utover, vert yta ofte jamn og glatt. Kan henda vert ho glinsande òg. Mange av orda i ætta til slett, viser just til noko som er glatt og glinsande, eller noko me brukar til å gjera andre saker glatte og glinsande. Døme på slike ord er norrønt slíkr (‘slim, slimlag på fisk’), slikjestein (‘slipestein’, norr. slíkisteinn) og verbet slikja (‘vera slett eller glansande å sjå til; gjera slett og glatt’, t.d. «det slikjer i håra», «ho slikte saumen»).

Det er slett ikkje vanskeleg å finna slett i andre mål. Her i Norden kan me støyta på islandsk sléttur, færøysk slættur, dansk slet og svensk slät. So har me engelsk slight, nederlandsk slecht og dei to tyske formene schlecht (‘låk’) og schlicht (‘jamn’, av verbet schlichten ‘jamna, glatta’). Engelsk slight har truleg endra tyding frå ‘jamn, flat’ til ‘glatt’ til ‘smal, slank’ og ‘grann, veik; liten, uviktig’. Tysk schlecht har fare ei anna lei: frå ‘jamn, flat’ til ‘glatt’ til ‘lett, einfelt’ og so ‘låk, tarveleg’. Schlecht i denne siste tydinga har verka inn på vårt slett. Me kan bruka det om noko ringt og låkt («ha ein slett moral», «gjera gode miner til slett spel»), og me brukar det i utrop (t.d. «du slette (mi) tid», eig. ‘du låke, tarvelege tid’).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement