Draumemannen

Joël Lautier snakkar russisk som ein russar.
Joël Lautier snakkar russisk som ein russar.
Publisert

Eg møtte draumemannen i Paris ein gong tidleg på 90-talet. Vi gifte oss same plass nokre år seinare. Eg med vene Vibeke, han med vene Elmira. Når eg summerer opp relasjonen min til draumemannen i dag, er det med ei blanda kjensle av vørdnad og avund.

Eg møtte ei betre utgåve av meg sjølv. Slik ni år gamle Jon Ludvig Hammer hadde det då han som stjerne i amerikansk skulesjakk flytta heim til Noreg og møtte jamgamle Magnus Carlsen.

Eg ville læra fransk. Lautier er fransk. Eg ville læra russisk. Lautier er i praksis russisk. Eg ville intervjua Kasparov og fekk audiens i 3–4 minutt. Lautier detroniserte Kasparov.

På den andre sida: Eg ville ikkje læra japansk (for vanskeleg). Lautier er japansk. Eg ville ikkje tena millionar av dollar. Lautier tener millionar av dollar (trur eg). På minussida i ein elles perfekt CV: Lautier er òg sjakkens Nicolai Tangen.

Joël Lautier vart fødd i Canada i 1973. Han hadde japansk mor og fransk far. Familien flytta til Frankrike, der Joël synte talent for sjakk frå treårsalderen. Guten vart verdsmeister i klassen under 14 år. Det store gjennombrotet kom i 1988 då han som 15-åring vart juniorverdsmeister (under 20 år).

Då han var 12 år gamal, byrja han læra russisk. Det franske sjakkmiljøet inviterte den kviterussiske stormeisteren og teoretikaren Lev Polugajevskij (1934–1995) til Paris. Polugajevskij og Lautier analyserte sjakk i mange år. I 1997 gifte Lautier seg med den russiske stormeisteren Elmira Skriptsjenko frå Moldova. Dei var sjakkverdas superpar før dei skilde lag i 2002. Dei to spela òg det japanske spelet shogi på høgt nivå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement