DomedagNår Stephen Hawking åtvarar mot domedag – at kunstig intelligens vil ta livet av mennesket innan hundre år – har eg hittil himla med augo. Men situasjonen er langt verre enn eg kunne sjå for meg. Ein artikkel i Nature sette meg ut. Det som no skjer
Når Stephen Hawking åtvarar mot domedag – at kunstig intelligens vil ta livet av mennesket innan hundre år – har eg hittil himla med augo. Men situasjonen er langt verre enn eg kunne sjå for meg. Ein artikkel i Nature sette meg ut. Det som no skjer med det japanske spelet go, er eit vendepunkt.
Det er berre eit par månader sidan Garri Kasparov kom med ein positiv bodskap til verda i boka Deep Thinking: Where Machine Intelligence Ends and Human Creativity Begins. Ideen til sjakkmeisteren som tapte mot Deep Blue i 1997, er at vi menneske må spela på lag med datamaskinane. Poenget hans er at «menneske pluss datamaskin» er betre enn «datamaskin» åleine. Difor kan ein disiplin som postsjakk, der ein sit heime i stova og sender trekk på e-post, framleis gje meining.
Men no raknar denne optimismen. Magnus Carlsen og teamet hans har byrja tvila på om mennesket har noko vettug å koma med. Den grufulle sanninga er at datamaskinen er best åleine. Men kan henda gjeld dette berre i sjakk, og ikkje på meir kompliserte felt som i medisinsk forsking eller … i go, spelet som lenge har vore kjent for ein strategisk kompleksitet som skulle gjera det umogleg for datamaskinane å slå mennesket.
Problemet er ikkje at datamaskinen AlphaGo tidlegare i år slo ein verdsmeister i go. Det måtte vel skje før eller seinare, då dei beste programmerarane har arbeidd mot dette målet i fleire tiår.
Problemet er at AlphaGo Zero nyttar ein heilt annan teknikk (som eg tidlegare har skrive om i samanheng med sjakk). AlphaGo Zero har ikkje tilgang på informasjon om go. Tusen år med menneskeleg kunnskap om spelet er viska ut. AlphaGo Zero lærte seg strategiar gjennom å spela mot seg sjølv utan menneskeleg hjelp. Etter berre tre dagar kunne programmet slå den andre maskinen, AlphaGo, 100–0.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.