Frå sjakkverda
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Det finst ikkje eit einaste bilete der han smiler. Det finst ikkje eit einaste ljodklipp der han pratar. Han hadde korkje TV eller telefon, og boikotta prinsipielt pressa (med eit unnatak i 1997). Men han hadde humor og kunne tala mange språk. Aller best lika han daude språk.
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal. Dr. Robert Hübner var den beste tyske spelaren etter verdsmeisteren Lasker for hundre år sidan. I 1981 var Hübner rangert som nummer tre i verda etter Karpov og Kortsjnoj. På same tid arbeidde han som forskar på gresk skriftkultur i det gamle Egypt (papyrologi), men frå 1982 var han profesjonell sjakkspelar.
Hübner hadde eit komisk alvor. «Lever ein godt som sjakkproff?» «Det einaste som interesserer meg mindre enn sjakk, er pengar», svara Hübner. «Eg ser du sit og les Platon på gresk, er boka god», spurde journalisten som fekk intervjua han i Haag i 1997. «Det er vel ikkje sagt stort av verdi etter Platon», svara Hübner på flytande nederlandsk.
Hübner lika Finland, det finske lynnet, lærte seg finsk og sette om ein finsk 1800-talshumorist til tysk. Han gjekk seg vill på Finnmarksvidda i 1972 med den finske sjakkvenen sin Heikki Westerinen. Sjakknerdane vart stoppa av den norske grensevakta, mistenkte for spionasje. Då Hübner spela mot Karpov og Agdestein i Oslo i 1984, freista han læra seg norsk.
Ei av bøkene Hübner skreiv, var ein analyse på 416 sider av 25 parti han hadde spela. Han nytta 4000 timar på sjakkanalysane, det vil seia i snitt 160 timar per parti. Aldri har nokon analysert turneringsparti like grundig. «Eg skriv ikkje for andre, men for meg sjølv», sa han. Han lika ikkje overflatiske vurderingar: «Han som seier han skjønar sjakk, skjønar ingenting.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.