Døden som praktisk problem
Kremasjon var omstridt. Når vi skulle kallast opp av gravene på den ytste dagen, måtte vi vel vere heile og intakte, og ikkje berre ein neve oske?
Foto: Henry Mühlpfordt
Døden er menneskets trufaste følgjesvein. Han hentar alle og har alltid gjort det. Han har alltid vore eit problem for mennesketanken. Dette livet, er det alt? Er det noko etterpå? Har vi noko som kan kallast sjel? Lever denne eventuelle sjela vidare? Om dette er det tenkt mykje i ulike kulturar. Løysinga har oftast vore å forme tankar om eit liv på den andre sida.
Dette er dødens metafysiske og gåtefulle side. Samtidig har døden utgjort eit akutt praktisk problem. Det må løysast raskt.
Historia kjenner mange løysingar. Parsarane la dei døde i høge tårn, der fuglane kunne ta seg av den døde kroppen. Hinduane brende sine døde. Det kinesiske hakkafolket la dei døde i leirkrukker, som dei så tok med seg når dei flytte, som hakkafolket gjerne gjorde. Hos oss vart gravferda, nedgravinga i jord, den naturlege løysinga.
Sluttseremonien kunne ha ulik form. I ein del kulturar er det frammøtte gråtekoner som gjev lyd og tårer til det som skjer. Hos oss ligg det føre forteljingar om svært livlege gravferder med romsleg servering. Ordet gravøl minner om den tradisjonen.
Kremasjonen kom også til oss. I 1889 vart Norsk Likbrændingsforening skipa. Kremasjon var omstridd. Når vi skulle kallast opp av gravene på den ytste dagen, måtte vi vel vere heile og intakte, og ikkje berre ein neve oske? I 1913 fekk vi lov om kremasjon. I dag blir 30 prosent av alle døde kremerte i Noreg.
Tankane om oppstoda levde sterkt hos mange. Sverige var eit land med eit sterkt frenologmiljø. Frenologane meiner dei kan lese ei mengd kunnskap ut av skalleforma. Dei svenske frenologane var opptekne av sameskallane, ikkje minst barneskallane. Difor sneik dei seg inn på kyrkjegardane og grov opp barneskallar, som dei så studerte. Dette vart kjent og skapte uro og sinne i kyrkjelydane. Presten, Lars Levi Læstadius i Pajala, skreiv til Det teologiske fakultetet ved Universitetet i Uppsala og spurde korleis det ville gå på den ytste dagen, når kroppen låg i Lappland, medan skallen låg i Uppsala. Brevet finst og er vist på TV. Noko svar har ingen funne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.