Døde sjelerPavel Tsjitsjikov var karismatisk, men hadde ei fortid med korrupsjon og ulovleg handel. Den nye ideen hans var ikkje dum: Han reiste rundt og skaffa seg sympati hjå russiske godseigarar før han diskret la inn eit bod på nokre av dei liveigne på

Har buddhisten og UFO-entusiasten Iljumzjinov sjel?
Har buddhisten og UFO-entusiasten Iljumzjinov sjel?
Publisert

Pavel Tsjitsjikov var karismatisk, men hadde ei fortid med korrupsjon og ulovleg handel. Den nye ideen hans var ikkje dum: Han reiste rundt og skaffa seg sympati hjå russiske godseigarar før han diskret la inn eit bod på nokre av dei liveigne på garden. Men Tsjitsjikov ville berre kjøpa – for ein billeg penge – dei liveigne som alt var døde og verdilause for godseigaren. For Tsjitsjikov ville dei døde sjelene eksistera på papiret og på eit snedig vis generera inntekter frå staten. Dette er plottet i romanen Døde sjeler (1842) av den geniale russisk-ukrainske forfattaren Nikolaj Gogol.

«Bonden er sjakkens sjel», sa den store franske sjakktenkjaren Philidor på 1700-talet. No har sjakken òg fått si «døde sjel».

Kirsan Iljumzjinov er karismatisk, men har ei fortid med korrupsjon som leiar for den fattige russiske republikken Kalmykia og ulovleg handel med Libya (Gaddafi) og Syria (Assad). For det siste hamna han på sanksjonslista til USA. Verdssjakkforbundet FIDE – der han har vore president sidan 1995 – har i dag ikkje nokon bankkonto, då internasjonale bankar ikkje har lov til å samarbeida med Iljumzjinov. Til hausten er det presidentval i FIDE, og Iljumzjinov reiser rundt og skaffar seg sympati hjå små sjakknasjonar i Afrika og Asia. Han har diskret fått med seg amerikanaren Glen Stark som kandidat til den viktige jobben som generalsekretær. Med ein amerikanar som øvste leiar av FIDE-administrasjonen bør sanksjonane mot Iljumzjinov snart vera historie.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement