«Død same året»
Barn på likstrå, Ringsaker kring 1900.
Foto: Domkirkeodden
Dei siste tiåra har fleire og fleire bygder fått sine eigne bygdebøker. Bøkene fortel, som namnet seier, om bygda og folket der gjennom hundreåra. Kvar gard får si eiga historie, år etter år, generasjon etter generasjon, namn etter namn. Historieskrivarane har sine problem, som historieskrivarar alltid har. Dei eldste tidene ligg utilgjengelege inne i fortidståka. Utvandringa til Amerika skaper problem. Mange reiste over og vart søkk borte. Dei er ute av soga, også av bygdesoga. Historieskrivaren har ingenting å fortelje om dei.
Men ut av dette massive materialet med namn og årstal for fødsel og død, stig det fram menneske, individ, som får liv midt i alle tala. Dei får ein lagnad. Dei talar til oss.
Brita var kone på ein vestlandsgard gjennom det meste av 1800-talet. Ho fekk 13 born. Fire drog til USA, ei til Bergen der ho fekk eit uekte barn. Seks av dei andre har ein liten formel bak namnet og fødselsdatoen sin: «d.s.å.» – død same året. Med andre ord: Etter tretten svangerskap, minst, og tretten fødslar, sit ho att med to born på garden. Den eine, sonen, tek over garden som han driv i tre år. Så dreg også han til Amerika.
Det var eit kvinneliv.
Men det var ingenting nytt eller eineståande. Eit par hundreår før har ei anna gardskone fått «d.s.å.» lagt til namna på to av dei seks borna sine. Spedborna døydde. Små menneske som mora hadde bore gjennom eit langt svangerskap, med stor møda, som Skrifta seier, og som vart fødde med verk og vande, som Skrifta også seier, vart berre borte. Mora hadde berre minna, sorga og saknet att.
Det er kjønnsliv og kjønnsdrift som skaper born. Og her hadde Herren ein tydeleg bodskap til Eva då dei var jaga ut av Paradiset, ut over det han hadde å seie om møda, verk og vande. Kjønnsdrifta og paringslysta var ein del av straffa for syndefallet: (…) etter mannen din skal du stunda, sa Herren. Denne stundinga var nødvendig om ætta skulle leve vidare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.