Djengis Khan er i stigning

Dsjengis Khan sit og glitrar på sin høge hest og ser ut over leivingane av landet sitt med streng mine.
Dsjengis Khan sit og glitrar på sin høge hest og ser ut over leivingane av landet sitt med streng mine.
Publisert

Djengis Khan vart fødd ein gong rundt 1160. Etter at han hadde lagt under seg dei andre mongolske stammane, kalla han i 1206 saman til rådsforsamling, khuriltaj, der han vart utropt til khan over alle stammane på den austlege delen av den sentralasiatiske steppa. Og han fekk namnet Djengis Khan.

Han vart ein khan verda kom til å høyre mykje om. Han grunnla det mongolske storriket, som strekte seg frå dei kinesiske kystane fram til Svartehavet, truleg det største riket verda har sett. I 1242 stod dei ved Wien og truga resten av Europa, eit av dei mange trugsmåla Europa har møtt. Då snudde dei og reiste heim, fordi storkhanen heime var død og det skulle veljast ein ny. Det ville mongolhovdingane i Europa vere med på. Og så var Europa berga.

Mongolane spreidde skrekk. Ridande på dei små hestane sine farta dei fort omkring, og ingen hærar greidde stå seg mot dei. Dei var mange; hæren til Djengis Khan var kanskje opptil 150.000 mann. Og brutaliteten og råskapen var ufatteleg. Heile byar vart utsletta og massakrerte. Talet på drepne kjenner vi ikkje, men historikarane snakkar om titals millionar, talet 60 millionar er nemnt. Mongolinvasjonen er noko av det mest forskrekkelege Europa har opplevd. Og det var knapt annleis i Kina, der dei regjerte lenge. Dei prøvde også å ta Japan, frå Kina, med ein stor flåte. Dei kom ut for ein forferdeleg storm, det japanarane kalla ein kamikaze, og flåten vart knust. I andre verdskrigen nytta japanarane namnet kamikaze på sjølvmordsbombeflygarane sine, dei som styrta flya sine inn i amerikanske marinefartøy for å øydeleggje dei.

I europeisk historie er dei sentralasiatiske steppefolka, mongolar, tartarar og andre, sett på som rå og grove barbarar med tyranniske og brutale styringsmetodar.

Om vi ser på lovverket til Djengis Khan, hans såkalla dsjasag, blir biletet litt meir komplisert. Han lovfeste religionsfridom. Religionane, som det var mange av i riket, skulle vere likeverdige. Ingen skulle ha forrett. Barn fødde av konkubiner, utanfor ekteskap, skulle ha arverett, noko vi fekk først for hundre år sidan. Gjestevenskap var lovfest, løgn var straffbart.

Og så vaska dei seg ikkje. Vatn var mangelvare på steppene, og lovboka inneheld eit klårt forbod mot å vaske klede. Alle som kom i kontakt med dei, klaga over at dei lukta vondt. Dei lukta verre enn dei såg ut, slår ein persar fast, etter at han har skildra kor fæle dei var å sjå til.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement