Djengis Khan er i stigning
Dsjengis Khan sit og glitrar på sin høge hest og ser ut over leivingane av landet sitt med streng mine.
Foto: Alastair Rae/Wikimedia Commons
Djengis Khan vart fødd ein gong rundt 1160. Etter at han hadde lagt under seg dei andre mongolske stammane, kalla han i 1206 saman til rådsforsamling, khuriltaj, der han vart utropt til khan over alle stammane på den austlege delen av den sentralasiatiske steppa. Og han fekk namnet Djengis Khan.
Han vart ein khan verda kom til å høyre mykje om. Han grunnla det mongolske storriket, som strekte seg frå dei kinesiske kystane fram til Svartehavet, truleg det største riket verda har sett. I 1242 stod dei ved Wien og truga resten av Europa, eit av dei mange trugsmåla Europa har møtt. Då snudde dei og reiste heim, fordi storkhanen heime var død og det skulle veljast ein ny. Det ville mongolhovdingane i Europa vere med på. Og så var Europa berga.
Mongolane spreidde skrekk. Ridande på dei små hestane sine farta dei fort omkring, og ingen hærar greidde stå seg mot dei. Dei var mange; hæren til Djengis Khan var kanskje opptil 150.000 mann. Og brutaliteten og råskapen var ufatteleg. Heile byar vart utsletta og massakrerte. Talet på drepne kjenner vi ikkje, men historikarane snakkar om titals millionar, talet 60 millionar er nemnt. Mongolinvasjonen er noko av det mest forskrekkelege Europa har opplevd. Og det var knapt annleis i Kina, der dei regjerte lenge. Dei prøvde også å ta Japan, frå Kina, med ein stor flåte. Dei kom ut for ein forferdeleg storm, det japanarane kalla ein kamikaze, og flåten vart knust. I andre verdskrigen nytta japanarane namnet kamikaze på sjølvmordsbombeflygarane sine, dei som styrta flya sine inn i amerikanske marinefartøy for å øydeleggje dei.
I europeisk historie er dei sentralasiatiske steppefolka, mongolar, tartarar og andre, sett på som rå og grove barbarar med tyranniske og brutale styringsmetodar.
Om vi ser på lovverket til Djengis Khan, hans såkalla dsjasag, blir biletet litt meir komplisert. Han lovfeste religionsfridom. Religionane, som det var mange av i riket, skulle vere likeverdige. Ingen skulle ha forrett. Barn fødde av konkubiner, utanfor ekteskap, skulle ha arverett, noko vi fekk først for hundre år sidan. Gjestevenskap var lovfest, løgn var straffbart.
Og så vaska dei seg ikkje. Vatn var mangelvare på steppene, og lovboka inneheld eit klårt forbod mot å vaske klede. Alle som kom i kontakt med dei, klaga over at dei lukta vondt. Dei lukta verre enn dei såg ut, slår ein persar fast, etter at han har skildra kor fæle dei var å sjå til.
Det mongolske imperiet fekk same lagnaden som alle andre imperium. Det sprakk. Arvestridar og opprør gjorde ende på det, og over tid vart det til mange statar.
Mongolia har den vanlagnaden som landet deler med fleire andre land: Det ligg inneklemt mellom to stormakter, i dette tilfellet Russland og Kina. Og stormakter har alltid tatt seg til rette og plaga grannane sine. Det har prega mongolsk historie. I dag er begge desse grannestormaktene i maktstigning og tek seg til rette mot grannar både her og der.
Tidleg i 1920-åra vart Ytre Mongolia ein folkerepublikk innanfor Sovjetunionen. Det medførte eit spent forhold til Kina, som først godkjende landet i 1946. Då Sovjetunionen fall saman, brotna bandet til Russland, og republikken Mongolia vart etablert i 1991.
Tida innanfor Sovjetunionen hadde mange konsekvensar. Ein av dei var at historia vart omskriven. Mongolsk historie måtte vike for sovjetisk historie. Djengis Khan, den historiske helten, kunne ikkje nemnast. Han vart borte, som georgisk og armensk historie vart det. Historia vart sovjetisk, primært russisk.
No er dette endra. Ute på slettene, nær hovudstaden Ulan Bator, er det reist ein mektig ryttarstatue av Djengis Khan, støypt i rustfritt stål. Der sit han og glitrar på sin høge hest og ser ut over landet sitt med streng mine.
Han er heimkomen, etter å ha vore fordriven av europearane Marx og Lenin i nokre små tiår. Av imperiet er ingenting att, men dei to små millionane mongolar som fyller dei enorme mongolske beitemarkene, saman med hestar, sauer og geiter, kan i dag i ro og fred dyrke minnet om ei stor fortid.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Å forveksla aggressor med forsvarar
«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»
Den nyfødde kalven.
Foto: Hilde Lussand Selheim
Ei ny Ameline er fødd
Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.