Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKunnskap

«Oslo by er fattig på songar. 'Tanta til Beate' er ein av dei mest levande vi har.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Foto: Gorm Kallestad / NTB

2911
20240920
2911
20240920

Lillebjørn Nilsen (1950–2024), elska og sakna, kan seiast å vera den sentrale trubaduren i visebølgja som oppstod i hovudstaden i 1960-åra. Alf Prøysen gjekk føre, Alf Cranner kom etter – så oppstod eit levande miljø med Øystein Sunde, Finn Kalvik, Ole Paus, Kari Svendsen, Lars Klevstrand og fleire andre.

Sjølv sa Lillebjørn at han var gitaristen som blei visesongar. Han var dessutan den store pedagogen, med visebøker der nybyrjarar fekk læra seg gitarakkordar og speleteknikk. Lillebjørns gitarbok frå 1973, ny utgåve 1987, er med 18 opplag komen i over 200.000 eksemplar. Lillebjørn Nilsen fekk mange utmerkingar etter kvart – riddar av St. Olavs Orden blei han i 2022. Flotte TV-program finst på NRK.

Oslo by er fattig på songar. «Tanta til Beate» er ein av dei mest levande vi har. Teksten følgjer her i utskrift etter korleis Lillebjørn framfører visa på plata Original Nilsen (1982), der Hot Club de Norvège akkompagnerer. Franske Django Reinhardt er, som vi veit, den suverene meisteren av sigøynarjazz, som Robert Norman overførte til Noreg. D’Angleterre var ein restaurant som låg ved Jernbanetorget. Schweigaards gate og Harald Hårdrådes plass er lokalitetar i Gamlebyen.

Tanta til Beate – men kva er det ho heiter? Vi veit heller ikkje kven Beate er. Lillebjørns fengjande melodi vert stadig spelt blant Django-musikantar i Paris, vert det sagt.

Lillebjørns Oslo-uttale er autentisk. Hun på bokmål kan heite hu, og hun kan heite a. Det plagar ingen. Fine rim: hun og Ole Willy/ synts det var så billig. Plate med hakk og sår. Ja, det er dei gamaldagse 78-platene, som enkelte enno hugsar.

Jan Erik Vold

Tanta te Beate

Tanta te Beate hu bor i ei gate i Gamleby’n
og med hatt og fjær er hun et vakkert syn
på vei ned Schweigaards gate for å gå og mate duene
mellom røyk og gass på Harald Hårdrådes plass.
Og når posen er tømt og duene rømt, går a hjem igjen
og finner fram sin gamle grammofon.
Den sveiver hun opp og svinger sin kropp til tonene,
syns at jazzen gikk i dass med Django Reinhardt.

Tanta te Beate setter på ei plate med hakk og sår
og tenker på den gangen hun var tjue år
da hun og Ole Willy synts det var så billig på Angleterre
og Robert Normann visste hvordan Django spelte.
Og d’er synd at denne by’n, den ække hva den engang var!
sier hun og trekker for sin tyllgardin.
Det er ingenting som swinger sånn som det gjorde før.
Alt jeg har på gamle da’r, det er denne plata.

Tanta te Beate snur sin gamle plate ennå en gang
og serverer te med melk (Lapsang Souchong).
Så svinger hun en finger mens hun sier strengt:
Glem ikke hva vi fikk av Django Reinhardt!
Og når tanta til Beate må forlate oss
og duene må finne maten sjæl
står Sankt Peter der og sier: Her har vi savna deg!
Og hun får en klem mens Django stemmer gittar’n.

Lillebjørn Nilsen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis