Olav Nygard viser til eit gløymt namn, Adolf M. St. Arctander (1847–1919), og attdiktinga hans av Goethes Faust.
Foto via Wikimedia Commons
Vi held fram med Olav Nygard. I eit brev til Johannes Lavik frå 1922 omtalar Nygard diktarstilen sin med sjeldsynte ord. Han forsvarar seg andsynes Lavik, for det finst dei som fylgjer ein endå tyngre stil: «So knak-brakande ihopknisla stil som i Faust-umsetjinga er det ikkje korso. Og endaa er eg tenkt aa lære mykje maal der; det er eit artistisk storverk, i sume maatar. Og stundom stor umsetjing».
Nygard viser til eit gløymt namn, Adolf M. St. Arctander (1847–1919), og attdiktinga hans av Goethes Faust. Arctander kom frå Hadsel og var av embetsmannsslekt, men nordlendingen valde ein annan karriere enn skyldfolket: Han arbeidde ved ulike folkehøgskular før han i 1901 skipa Lofotens og Vesteraalens folkehøgskole. Arctander skreiv bokmeldingar, mellom anna av Nygards debutbok: «‘Flodmaal’ er kannhenda den mest heilgjorde poesi, som til dessar hev kome paa norskt maal» (Norig, 17. november 1913).
På sine eldre dagar sette han om Schiller og – som sagt – Goethe til norsk: Faust. Eit syrgjespel (1911). Nedanfor står opningsdiktet i Faust i norsk språkdrakt, der Goethe ser seg attende til diktarsyner han hadde i ungdomen, for å finne inspirasjon. Den andre bolken av Arctanders attdikting kom ut i 1921. Den «knak-brakande» stilen hans har vorte gjord narr av. Men i jamføring med originalen er det ikkje dårleg utført. Arne Garborg hjelpte han òg under arbeidet. Nygard sette tydelegvis attdiktinga høgt. Både innhald og form er nygardske: Mange dikt hjå Nygard handlar om framkalling av minne. Der fylgjer han den klassiske strofeforma med åtte versliner, ottava rima, som hjå Goethe.
Granskar vi språkbruken i «Vigsla», finn vi òg samanfall. Sjå til dømes Nygards mest kjende dikt, «No reiser kvelden seg». Nygard skriv: «Det gjeng ei kviskring gjenom kjørr og lyng» når dagen «burt fraa blaane etter blaane skundar» og natta stig inn; der «kløkke lundar, æolsharpe-klang» stig opp før det «gjeng ein sælebiv imillom fjell». Liknande formuleringar finst i siste strofa av «Vigsla».
Ronny Spaans
Vigsla
No koma atter hildresyner slike,
som drøymne auga tidleg alt fekk sjaa.
Skal fast eg no dykk halda klaart og brikje
Tru denne draumen enn min hug kann faa?
De stima paa! no, ja, so raad’ og rikje,
som fram de stig or gov og skodda graa;
eg kjenner, kor i barmen ungt det didrar
av hildreglimet, som ikring dykk gidrar.
Med glade ungdomsminne hit de skrida,
og mange kjære skuggar stiga fram;
den fyrste elsk og venskap fram-att glida
som sogor dulde halvt i draumeham;
mi sorg vert nykveikt, uppatt tek mi kvida
min livsens lagnad ør og villesam,
og nemner gjæve, som av lukka svikne
for fagre stunder, vart ifraa meg tekne.
Dei fyrr eg kvad aat, ungdomsglad i hugen,
dei høyra ikkje kvædi mine her;
sprengd sund og spreidd er venaflokken trugen,
burtdaaen fyrste atterklangen der.
Vedkjømeleg eg kved for framandmugen,
som jamvel med sitt lov meg hugill gjer,
dei som seg glade fyrr um songen sanka,
no um dei liva, vidt og vide vanka.
Den stille, høge aandeheim eg stundar
med lenge ukjend lengting etter no,
min song gjeng lullande paa døyvde lundar
og kviskrande som æolsharpe-ljod,
ein biv meg tek, taar etter taar seg skundar,
den harde hugen kjennest mild og god;
det som eg hev, seg som i blaaet løyner,
og det som kvarv, no fyrsta rett eg røyner.
Utdrag av Goethes Faust. Eit syrgjespel, attdikting til norsk ved Adolf M. St. Arctander
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.