Diktet: Tore Elias Hoel
Foto via Wikimedia Commons
Kor har det vorte av Tore Elias Hoel frå Harstad, busett i Bodø, fødd 1953, omtala for fleire ungdomsbøker – han leverte to språkmedvitne, venstreorienterte diktsamlingar i 1979 og 1981, Å fange en hval og Presidentens ro, men seinare har han forsvunne frå poesien?
Første dikt i debutsamlinga opnar sterkt: «I det tjuende århundre har dikta nærma seg det uunngåelige./ Og om også dette diktet skal makte si historiske oppgave/ så må det lenger ned enn dette hvite papiret og deg eller meg./ Dette diktet kan allerede her nevne de tre orda ris, brød og vann./ Her berører diktet det interkontinentale språket i dag.»
Det forundrar at denne sterke opptakten ikkje leidde til ytterlegare poesi. Derimot skreiv han – og no var han gått over til nynorsk – seks ungdomsromanar 1988–2005, med handling i Nairobi, Gdansk og Paris, som vart lagde merke til. For romanen Glasskula fekk han den nordnorske Blix-prisen i 2003. EDB i dagens dikt tyder «elektronisk databehandling».
Tore Elias Hoel er utdanna filolog, med faga nordisk, historie og massekommunikasjon. Han var norsk sendelektor i Polen, visstnok i Krakow, ei tid i 1980-åra. Han var gift 1982–1988 med den nordnorske poeten Sissel Solbjørg Bjugn. I seinare år var han lektor i den vidaregåande skulen i Bodø. Tidleg på 2000-talet melde han diktbøker for Dag og Tid.
Om dikta sine har han uttalt at det er «politisk lyrikk skrive på ein ekspresjonistisk måte». Dikta er ofte metalyriske, dei krinsar om språk og dikting. «Om vi er innafor orda eller utafor bortafor er et sabla fett./ Jeg pluss deg pluss meg pluss deg med kritt på alle murvegger!/ Rå ord på rein betong er vår tids konkrete kjærlighetsdikt.»
Tenk om nokon kunne trylla fram poeten Tore Elias Hoel, som fyller 70 år den 14. desember i år.
Jan Erik Vold
Ord om å holde ut
Det er mer enn femti ord om fjell på norsk
Det er nesten hundre ord om snø på samisk
Ord som betegner krigsstrategi, våpensystemer og EDB
er mange & amerikanske.
Hvor mange ord har vi om å holde ut?
Når bruker vi dem?
Hvor bruker vi dem?
Jeg skulle ville finne opp femti ord om ikke å gi opp
Jeg skulle ville finne opp femti ord om å tro på at alt er mulig.
Og jeg skulle si dem alle til deg
Forlengs og baklengs og hvert til sitt bruk
Slik at vi blir handlingsladete av bare innsikt og faenskap.
Tore Elias Hoel
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.