JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKunnskap

Diktet: Tone Hødnebø

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Rolf M. Aagaard / Kolon Forlag

Foto: Rolf M. Aagaard / Kolon Forlag

2208
20230922
2208
20230922

Tone Hødnebø, fødd 1962, oppvaksen i Tønsberg, busett i Oslo, har skrive seks eigenarta diktsamlingar, frå Larm (1989) til Nytte og utførte gjerninger (2016). Dertil har ho gjendikta Emily Dickinson og Anne Carson. Refleksjonar om poesi finst i Skamfulle Pompeii (2004). Ei større pocketutgjeving Å snu verden inn mot verden (2019) rommar dei samla dikta hennar. Ho har studert engelsk og nordisk, teater og film på universiteta i Oslo og Trondheim, var redaksjonsmedlem i Vagant 1990–1996, har undervist i fleire forfattarkurs, også ved Litterär Gestaltning på Göteborg universitet 2008–2010.

Det er språket som er hovud­interessa hennar, orda, der dei kjem ifrå, kva dei inneber. Diktar-eget er nedprioritert: «HVA BLIR DET NESTE/ man sier ja og mener nei/eller er det motsatt./ I disse tider, sier man/ har vi ingenting å frykte//. Men staten visner bort/ i en rekke hendelser/ og hva blir det neste/ selv om vi er omskiftelige/ så er vi overalt.» Dei personlege pronomena er ein, vi – ikke eg. I eit mottositat heiter det: «Hånden skriver/ den skriver ikke fordi jeg vil/ men fordi jeg vil/ det hånden skriver».

Det lèt seg ikkje gjera å lesa nokon diktarbiografi ut av samlingane hennar gjennom 27 år. Diktet denne veka, frå 2008, byrjar med bokstavløyse: ingen samtale, inga lukke. I neste strofe er orda komne, dei fablar om ein samtale for det som ikkje er hendt. Sluttstrofa vert erobra av orda – plutseleg er dei fire elementa på plass, døgnet vert snudd om, orda leitar «etter oss». Men kvar er vi? Har verda gått til grunne? Handlar diktet om den siste atomkrigen? Kva glede har vi av orda då? Eller har vi ikkje forsvunne?

Her er vi langt fra Wildenveys poesi.

Jan Erik Vold

DET VAR INGENTING I AVISENE

og ingenting i bøkene

ikke engang i hodene på folk

var det en hemmelighet å snakke om

eller prise seg lykkelig over

I hvilken forstand kom ordene til meg

ordene som ikke gav etter

for det som er forgjeves

og det som ennå ikke er hendt

den dagen vi kunne si alt til alle

Ordene kom enten vi ville eller ikke

og kastet oss rundt i luft, jord, ild og vann

og i siste sekund før døgnet blir snudd

leter de etter oss

som om vi er forsvunnet for godt.

Tone Hødnebø

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis