Diktet: Performativ poesi av Kurt Johanessen
Foto: Marit Hommedal / NTB
For 30 år sidan gav Kurt Johannessen (f. 1960) ut boka Øvingar (1994). Utgjevinga står sentralt i det marginale feltet som er skjeringspunktet mellom performancekunst og poesi i Noreg. Sidan har oppfølgarane Andre øvingar (2001), Andre andre øvingar (2012) og Andre andre andre øvingar (2015) kome ut, og førre året kom Andre andre andre andre øvingar (2023) ut, der vekas utvalde dikt er henta frå.
Her refererer dikta ikkje til røynsler eller hendingar som har funne stad, men dei oppmodar lesaren til å gjere noko, undersøke noko, gjerne heilt konkret. Lesinga sender tankane ut i nytt terreng. Dette er metoden Johannessen nyttar i øvingane, og ein kan kalle det ein performativ poesi: Diktet legg vekt på prosessen det set i gang, framfor å skulle representere eit ferdig avrunda heile. Diktet er ope, uavslutta.
Ein kjend føregangsfigur på feltet er Yoko Ono, ikkje minst med boka Grapefruit frå 1964, der dikta var forma som instruksjonar eller idear til kunstverk som lesarane/mottakarane sjølv kunne skape eller utføre. Slik kan poeten forsterke lesaren si deltaking og medskaping, sjølv om dette sjølvsagt er eit element i all poesi, i all kunst.
Kurt Johannessen er ikkje berre ein av dei fremste og mest produktive performancekunstnarane i Noreg, men som forfattar står han bak svært mange (det må vere fleire enn hundre?) utgjevingar på eige forlag, Zeth. Fleire er kjøpte inn av Kulturrådet og finst på biblioteket. Bøkene kjem på løpande band, og berre siste året har han publisert 18 (!) bøker (rett nok inkludert omsettingar til engelsk). Dei ber vakre titlar som Overflata til minnet og venleiken til ingenting.
Kvar gong eg opnar bøkene til Kurt Johannessen, finn eg noko mildt tankevendande, ein omsnudd tanke, som denne frå Om alt (2011): «Om vi ser bort frå ingenting/ ei pitte lita stund,/ sit vi igjen med alt.» Og denne, også henta frå Andre andre andre andre øvingar, som kan vere grei å ta med seg: «Neste gong du tenker på noko som er ditt,/ hugs at det er like mykje tida sitt som det er ditt.»
Cathrine Strøm
Undersøk spørsmålet
om fortida er noko
som er framføre deg
eller noko som er bak deg,
medan du prøver å gå baklengs
i ulendt terreng.
Kurt Johannessen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.