Diktet

Diktet: Nils-Aslak Valkeapää

«I 19. dikt målar poeten ein vid himmel med berre seks ord.»

Publisert

Dette korte diktet ­– nr. 19 – er henta frå lyrikkbiletverket Beaivi, áhcážan (1988) av Nils-Aslak Valkeapää. I 1990 vart boka gitt ut i svensk-nynorsk-bokmålsk gjendikting, ein refleksjon av det samiske folkets språklege mangfald og tilhøyrsle på tvers av riksgrensene.

Valkeapää (1943–2001) verka som biletkunstnar, musikar og forfattar. Solen, min far er i grunnen eitt langdikt, nummerert, der nokon av «dikta» er fotografi. Boka er ein årstidssyklus, ei samisk historie, ein refleksjon rundt skaparkraft, fellesskap og einsemd.

I 19. dikt målar poeten ein vid himmel med berre seks ord. Alt i første lina vidar han ut teksta; når eg les «livsens fargar», har eg straks myriadar av nyansar og lys i hovudet. Kva er livsens fargar? Er det sollyset, er det blodet, er det alle fargar? Vidare i parallellen «kjenslers// rikdom» blir fargane meir metaforiske. Dei hyppige lineskifta og blanklinene gjer diktet langsamt. Eg vender meg innover, der «regnbogen/ nordlyset» dukkar opp. Diktet gjer at eg rommar desse fargesterke himlane, løftar meg opp i avslutninga.

Nils-Aslak Valkeapää stiller her det indre livet, menneskekjenslene, opp ved sida av overveldande og halvsjeldne naturfenomen. Som så ofte i diktinga hans er det ikkje gjort for å vise fram motsetningar, men for å vise korleis det indre og det ytre (eller: individ og samfunn, livet og døden, og så vidare) glir mot og over i kvarandre. Dette knappe, tidlege diktet frå Solen, min far lèt lesaren flyte gjennom naturen inni og ikring.

19. eallima ivnnit 19. livsens fargar

dovdduid kjenslers

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel