JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKunnskap

Diktet: Halldis Moren Vesass

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Halldis Moren Vesaas.

Halldis Moren Vesaas.

Foto: Eystein Hansen / NTB

Halldis Moren Vesaas.

Halldis Moren Vesaas.

Foto: Eystein Hansen / NTB

2576
20230908
2576
20230908

I sommar, då hetebølgene rulla som verst over Sør-Europa, las eg boka til den danske diktaren og antropologen Sofie Isager Ahl (f. 1988) Demeters latter (i Sindre Andersens norske gjendikting). Boka blei innimellom som ein nyhendebulletin med setningar som «Ørkenene i Toscana brer seg igjen».

Det finst to bøker av Ahl på norsk, båe utgjevne på Moss-forlaget H//O//F, og ei tredje bok er nett utkommen på dansk. Ho skriv kunnskapsrikt, konkret og lågmælt, men samtidig sanseleg oppeldande om landbruk i ei økologisk krisetid. Bøkene hennar hamnar i dikthylla på biblioteket, men i form vekslar ho mellom dikt og kortprosa, sakprosa og fotografi.

Ahl skriv bøker som får ein til å vilje lese meir, i alle retningar. Eg vil lese om ørkenspreiing i Europa, om vilkåra for vinproduksjon og om etruskarane si fruktbarheitsgudinne Vei. Og om Demeter. For hjå Ahl fungerer gamle mytar som varsel for vår tid. Korleis var det no att med Demeter, gudinna for grøde?

Eg er glad i versjonen til Halldis Moren Vesaas, slik ho formidlar han i Den gode gåva frå 1987. Samlaget presenterte dette som ei biletbok for barn, vakkert illustrert av Kaja Thorne, men det er òg eit langdikt, ei lyrisk forteljing om kvifor Demeter «brukte si makt, som var stor», og «stansa all vokster på jord». I sentrum står kampen om dottera, som Hades har røva med seg til dødsriket, og som Demeter saknar så sterkt at jorda blir gold og aude. Zevs må til slutt få til eit forlik mellom Demeter og Hades, slik at dottera vekslar på å vere hjå dei. Slik oppstår årstidene, ein vekselgang av det gode. Men kva om Demeter vel å streike oftare og meir?

Halldis Moren Vesaas var 80 år då Den gode gåva kom ut, og ho skulle enno få fleire grøderike år som forfattar, omsetter og formidlar.

Cathrine Strøm

Men visst var ho framleis gudinne,

og ho brukte si makt, som var stor.

Ho streika. Ho stansa all vokster på jord.

Ingen ting voks meir,

ikkje eit blad, ikkje eit strå.

Bekker og elvar tørka ut,

ørkenen breidde seg, endelaus og grå.

Menneske og dyr leid nød.

Dei ropte til Zevs: «Hjelp oss,

få voksteren i gang att! Vi finn ikkje føde,

vi døyr av svolt. Send regn, skap grøde!»

Men det makta ikkje Zevs. Det makta berre ei,

og same kor han bad om at alt på jord

måtte vekse på nytt, svara Demeter nei.

Halldis Moren Vesaas

I «Diktet» som stod på trykk i Dag og Tid fredag 8. september 2023, fekk dessverre diktaren feil namn. Det er Halldis Moren Vesaas som har skrive diktet, ikkje Sofie Isager Ahl som det stod. Dette er retta i nettugåva av artikkelen 14. september.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

FNs generalsekretær Dag Hammarskjöld fotografert saman med Kongos statsminister Patrice Lumumba.

Foto: Scanpix / NTB

KommentarSamfunn
Bernt Hagtvet

Den handleføre mystikaren

Dag Hammarskjöld var den andre generalsekretæren i FN, frå 1953 til sin død, etterfølgjaren til Trygve Lie. Filmen som går om livet hans no, der Mikael Persbrandt spelar Hammarskjöld, vekkjer han til live på ein både kjenslevar og realistisk måte.

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis