JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

DiktetKunnskap

Diktet: Anders Underdal

Underdal hadde ikkje same høge litterære ambisjonane som Nygard, men skreiv fleire songar med ein var, lyrisk tone.

Foto via Wikimedia Commons

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2835
20240516
2835
20240516

Framover vil eg presentere diktarar som stod i kontakt med Olav Nygard (1884–1924), poeten frå Modalen i Nordhordland som døydde i ung alder av tuberkulose. I år er det markering av at det er hundre år sidan Nygard gjekk bort.

Nygard gjekk på Møre folkehøgskule i to periodar, vinteren 1904–1905 og 1907–1908. Der møtte han ein annan bondeson som hadde diktarvyar, Anders Underdal (1880–1973). Underdal var far til Margit Sandemo og vart kjend gjennom dei ville ideane hennar om at Underdal var son til Bjørnstjerne Bjørnson.

Underdal var farlaus husmannsgut frå Valdres. Men med kunstnarleg talent og tiltak kom han seg opp i livet. Han og Nygard budde i lag i Kristiania 1909–1910, der prøvde dei gjera karriere som forfattarar, med varierande lukke. Fyrst nokre år seinare debuterte dei med diktbøker – Nygard med Flodmaal i 1913 og Underdal med Kvitterli-songar (1919), der dette diktet er henta frå. Dei ville opphavleg bli dramatikarar og var med Hulda Garborg og Det norske spellaget på turné på kryss og tvers av Noreg.

Underdal gjorde ein karriere som dansar og føredragshaldar, han dansa for Vilhelm 2. av Tyskland. Husmannsguten gifte seg med Elsa Reuterskiöld, som var i direkte slekt med det svenske kongehuset. Hulda Garborg kommenterer trulovinga i dagboka 12. oktober 1920: «det ligner ham. Han heter ikke for nogen ting vidunderdal». Underdal fortel sjølv om bryllaupet i Sverige: Den svenske adelen såg på «brudgommen som litt av en rødluet julenisse fra en avkrok i sidrompelandet på andre siden av Kjølen. De så på meg som et vilt dyr».

Underdal hadde ikkje same høge litterære ambisjonane som Nygard, men skreiv fleire songar med ein var, lyrisk tone, som dette verset. Innhaldet er sjølvforklårande. Kvaliteten ligg i symbolikken til syrinane – som vi sjølve snart vil kjenne den gode angen av. Den blå syrinen som skulle pryde møtet mellom guten og jenta, blir prydnad til kista hennar, for ho døyr ung. Diktet er gripande som ei gamal folkevise.

Ronny Spaans

I livd av blaa syren

Me sat ein kveld ved solar-glad
i livd av blaa syren.
Ho var so ung, ho var so glad,
ho var min gode ven.
Eg sa: «Snart sigler jonsok inn
med laatt og leikand’ vind;
eg har mi von at deg eg finn
med jonsok-baalet skin.»

Ho ga meg smil, ho ga meg svar,
ho ga meg ljosan tru:
«Naar jonsok skin og sola glar,
me møtast eg og du.»
Ja møt meg,» sa eg, «møt meg her,
i livd av blaa syren,
med sol og alt i fagnad lær
og jonsok-baalet brenn.»

Og jonsok kom med laatt og leik,
og vener søkte ven.
Eg fann min ven so kvit og bleik
i livd av blaa syren.
No laag ho sveipt i kvite lin
med blaa syren i hand.
Eg sat i sorg hjaa venen min,
med jonsok-baalet brann.

Anders Underdal

Frå Kvitterli-songar

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis