«Arne Paasche Aasen var ein av dei mest produktive poetane i Noreg.»
Foto: NTB
Arne Paasche Aasen (1901–1978), fødd i Steinkjer, oppvaksen i Trondheim, busett i Oslo, var ein av dei mest produktive poetane i Noreg i det førre hundreåret, med rundt 20 diktsamlingar, og fleire tusen dikt i Arbeiderbladet 1937–1968 under pseudonymet Dorian Red (avleidd av Oscar Wildes The Portrait of Dorian Grey), trykte i fem utval 1937–68. Likevel er han nærast sletta frå norsk litteraturhistorie, både i antologiar og oversiktsverk – sjølv maurflittige Ivar Havnevik ignorerer han i sitt 500-siders bind om norsk lyrikkhistorie.
Han debuterte som kommunist i Sigd og hammer 1921, utgjeve av Det Norske Arbeiderpartis Forlag, med hyllest til Lenin og «opprørets flammende fane». Resten av livet var han solidarisk arbeidarpartimann, fram til siste samling Lengselens gate (1967). Og fire bind dikt i utval.
Arild Bye gav ut ein spanande 600 siders veldokumentert biografi i 2018: Fra verdensrevolusjon til de nære ting, der han er opprørt over den samla forteiinga av Arne Paasche Aasen. Denne poeten skriv om brustein og snømoking, kassaapparat og den ukjende soldat, ved sida av tette kampsongar om samhald og solidaritet, i ei politisk utid: «De brenner våre faner/ i Hamburg og Berlin,/ de fengsler våre brødre/ ved Elben, Spree og Rhin».
Mange av dikta er sett melodi til. Kristian Hauger gjorde «Gudskjelov-kvelden» og «Tre yndige små mus». Gitarduoen Kurt Foss og Reidar Bøe hadde formidabel suksess med fleire plater. «Blåveispiken» selde i 100.000 eksemplar. «De nære ting», trykt i Arbeiderbladet 3. juni 1937, blei spelt inn i 1951 – og gjev tittel til sluttavdelinga i diktutvalet Verden vårt hjem (1982). Teksten blei omsett til svensk av Ture Nerman: «Små nära ting», som kom i mange innspelingar og vart særs vidgjeten.
Arne Paasche Aasen – kampglad, journalistisk, melankolsk – har gjort norsk poesi rikare.
Jan Erik Vold
De nære ting
Ditt sinn monne flyve
så vide omkring …
Det er som du glemmer
de nære ting
Det er som du aldri
en time har fred,
du lengter bestandig
et annet sted.
Du syns dine dager
er usle og grå.
Hva er det du søker?
Hva venter du på?
Når aldri du unner
deg rast eller ro,
kan ingen ting vokse
og intet gro.
Gå inn i din stue …
Hvor liten den er,
så rommer den noe
ditt hjerte har kjær.
På ropet i skogen
skal ingen får svar.
Finn veien tilbake
til det du har.
Den lykken du søker
bak blånende fjell
– kan hende du alltid
har eiet den selv.
Du skal ikke jage
i hvileløs ring,
men lære deg elske
de nære ting.
Arne Paasche Aasen
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.