Diemer – matt frå fyrste trekk

Emil Joseph Diemer (1908–1990).
Emil Joseph Diemer (1908–1990).
Publisert Sist oppdatert

Den nederlandske stormeisteren og essayisten Hein Donner skildra Emil Joseph Diemer (1908–1990) slik i eit portrett frå 1958: «Ein kunne sjå av ytret at han ikkje hadde sjølvironi. Samstundes bar han ein dress som fortalde omverda at eigaren ikkje lenger hadde nokon illusjon om at det ytre skulle ha noko å seia. Han vogga rundt i lokalet med eit tannlaust smil. Han var typen som alltid stod i fare for å velta eit krus frå bordet. Under ei turnering fall han ned frå scena. Det var uflaks, sjølvsagt, men om ein før turneringa hadde spurt deltakarane om kven som ville falla frå scena, ville alle ha svara i kor: Diemer.»

Donner skreiv om Diemer av di sistnemnde hadde skrive ei bok om ei sjakkopning, ei bok med ei uvanleg stor mengd utropsteikn (= sjakksymbol for godt trekk). Tyskaren Diemer meinte han hadde funne ei opning som utvida sjakkhorisonten, ei opning som endra alt. Ein kunne spela på matt frå fyrste trekk! Det vart òg tittelen på boka hans: Vom ersten Zug an auf Matt!

Den aggressive opninga vart utvikla av amerikanaren Armand Blackmar mot slutten av 1800-talet. Diemer kunne melda om ein verdssensasjon: Det var ikkje Armand Blackmar som fyrst spela opninga, men bror hans, som eigde ei klesforretning i New Orleans. Ein får tru at broren òg bar namnet Blackmar. Diemer kjem med ei oppmoding til amerikanske sjakkspelarar: Finn ut meir om dei geniale Blackmar-brørne! Men kven skal finna sanninga om Diemer?

Blackmar–Diemer-gambiten er namnet på opninga som ingen stormeistrar vågar spela. Om Diemer sjølv veit ein i dag litt for mykje. Diemer vart alt i 1931 medlem av det nasjonalsosialistiske partiet, og han sympatiserte med Hitler heile livet. Han nytta i sjakkboka si metaforar av typen «teutonsk raseri» og skulda tysk sjakk i etterkrigstida for å vera rasert av ei homoseksuell ånd. Han vart ekskludert av det tyske sjakkforbundet. Stormeister Genna Sosonko meiner at Diemer var stormannsgalen – og syner dessutan at opninga hans ikkje var særleg god. Ifølgje moderne dataanalysar er stillinga nesten tapt for kvit etter 4–5 trekk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement