JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Det var det

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2365
20171013
2365
20171013

I norsk har me ein regel som seier at setningar som inneheld eit verb i presens eller preteritum, må ha eit subjekt. Dei fleste av oss set denne regelen ut i livet utan å tenkja på det. Men kva gjer me dersom det ikkje finst noko høveleg subjekt? Då set me inn det. Men kvifor har me det med å setja inn det?

Det heng nok saman med andre sider av det moderne norske språket. I norrønt fanst det setningar utan subjekt, til dømes: Rignir. (‘Det regner.’) Mik hungrar. («Meg hungrar», dvs. ‘eg svelt / er svolten’.) Mér er varmt. («Meg er varmt», dvs. ‘det er varmt åt meg / eg er varm’.) I moderne norsk er det annleis: No har objektet kome inn på subjektplassen, som når «mik hungrar» blir «eg hungrar», og elles grip me stadig til det formelle subjektet det. Det ljosnar. Det gjer vondt. Det small i isen. Det gjekk i døra. I nokre talemål kan pronomenet han nyttast, i alle fall når det er tale om luft- og vêrtilhøve: Han blæs. Han er kald.

Jamvel om det kan hoppa inn både her og der, er det grenser for kvar det kan stå. Grammatikken vår tillèt setningar som «eit tre datt over vegen» og «det datt eit tre over vegen», men ikkje «det vart dotte over vegen». (Døma er henta frå Revolusjon i lingvistikken av J.T. Faarlund.) Me kan òg seia «det kom ein elefant», men ikkje «det vart kome ein elefant». Eller: Me kan sjølvsagt seia det, men setninga skurrar. Nokre gonger kan språkleg skurr vera eit poeng, til dømes i litteraturen. Lydia Davis har skrive ei forteljing om ei setning som ligg blottlagd i eit ope søppelspann. Det er den ugrammatikalske setninga «Hvem synge!?!» (i Johanne Fronth-Nygrens gilde omsetjing). Forteljaren observerer at ein ung mann fattar interesse og kikar oppi spannet. Spaninga stig: Kjem han til å stikka handa nedi og retta setninga?

Me kjenner straks om ei setning er i samsvar med grammatikken vår eller ikkje. Men å seia kvifor noko er ugrammatikalsk, det er verre. Språkvitarar kan fingranska setningar og ord og oppklåra mykje. Problemet med setninga «det ser ut til å katta lika fisk», til dømes, er at leddsetninga ikkje inneheld noko verb i presens eller preteritum, berre ein infinitiv, dimed er det ikkje rom for noko subjekt der. Men «katta ser ut til å lika fisk» går fint. Og: «Det ser ut til at katta likar fisk.»

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.

E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis