Det religiøse hatet
Karl II av England hemna far sin.
Ukjend målar
Tidemandsgate er ei fredeleg gate på Frogner i Oslo, nær Frognerparken, eit dyrt og trufast høgreområde. Politisk uro, demonstrasjonstog og slikt driv dei ikkje med, dei som bur der. Likevel har vi dei siste par åra sett fleire demonstrasjonstog i Tidemandsgate. Ein stor flokk kjem vandrande med faner og plakatar. Dei ropar og syng, som slike tog gjer. Eg har snakka med dei. Dei demonstrerer utanfor huset til den irakiske ambassaden. Dei er irakiske sunnimuslimar, mange av dei flyktningar som har rømt frå heimlandet. Regimet i Bagdad er eit shiamuslimsk regime som trakasserer, forfølgjer og plagar trusbrørne desse demonstrantane har heime i Irak. Sunniane i Irak slår tilbake. Dagsrevyen fortel dagleg om det som skjer, med bomber og titals døde kvar dag.
Dagens religionskrig, med eit brennande hat, dukkar altså opp i fredelege Tidemandsgate på Frogner, og vår eiga historie presser seg fram i minnet. Ved reformasjonen sprakk den romersk-katolske kyrkja i fleire bitar, fleire og fleire. Saman med eksisterande politiske spenningar og motsetningar kom dette til å utløyse dei europeiske religionskrigane, ein blodig periode i europeisk historie.
Gjennom heile trettiårskrigen, som også var ein religionskrig, frå 1618 til 1648, marsjerte store hærar på kryss og tvers gjennom Europa og drap, brende og øydela. Visse område brukte hundreår på å kome til hektene igjen. Inkvisisjonen vart sett opp for å verne trua, og gjorde det med grotesk bestialitet. Spania vart reinsa for protestantar. Under bartolomeusnatta i Paris 24. august 1572 vart 2000 protestantar, såkalla hugenottar, drepne i samband med eit kongebryllaup.
I England spissa det seg til då kongen, Henrik VIII, ville ha ny kone og skilje seg frå den gamle. Om han skulle få viljen sin, måtte paven godta skilsmålet frå den første kona. Elles ville ikkje det nye giftarmålet bli gyldig, og då ville ikkje eventuelle born i det nye ekteskapet kunne arve trona. Og då vart dette storpolitikk. Strid om kongeleg arverett kunne utløyse katastrofar, som det ofte gjorde.
Paven nekta. Henrik løyste dette ved å bryte med paven og kyrkja hans. Paven svara med å lyse Henrik i bann, eit bann han fornya mot dotter hans, Elisabet I. Og så var eit langvarig blodbad i gang. Under katolikken Maria, kalla «den blodige», eldste dotter til Henrik, vart 300 protestantar brende i dei fire første åra hennar. Det vart kamp om kongsmakta. Katolikkar og protestantar kom og gjekk. Kongar og dronningar, Karl og Maria Stuart, vart halshogne. Historia konstaterer sakleg: Under Elisabet vart det avretta fire katolikkar om året, mot 56 protestantar i året under Maria den blodige.
Samtidig med striden mellom katolikkar og protestantar var det også konflikt mellom kongen og parlamentet, mellom kyrkja og puritanarane. Oliver Cromwell vart førar for puritanarane. Han skipa ein eiga hær, jernsidene. Med hæren sin slo han først den katolske stuartkongen, den før nemnde Karl, før han jaga parlamentsmedlemene, også biskopane, heim. Kong Karl vart halshogd. Innimellom var han over i Irland og kua irane med stor brutalitet. Han var Irlands bøddel. I 1653 vart han utropt til Lord Protector, og han styrte England som ein puritansk diktator til han døydde i 1658. Etter hans død braut regimet saman. Oliver Cromwell vart gravlagd med pomp og prakt, ved sida av nasjonens største menn, i Westminster Abbey.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.