JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Det religiøse hatet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Karl II av England hemna far sin.

Karl II av England hemna far sin.

Ukjend målar

Karl II av England hemna far sin.

Karl II av England hemna far sin.

Ukjend målar

4560
20171110
4560
20171110

Tidemandsgate er ei fredeleg gate på Frogner i Oslo, nær Frognerparken, eit dyrt og trufast høgreområde. Politisk uro, demonstrasjonstog og slikt driv dei ikkje med, dei som bur der. Likevel har vi dei siste par åra sett fleire demonstrasjonstog i Tidemandsgate. Ein stor flokk kjem vandrande med faner og plakatar. Dei ropar og syng, som slike tog gjer. Eg har snakka med dei. Dei demonstrerer utanfor huset til den irakiske ambassaden. Dei er irakiske sunnimuslimar, mange av dei flyktningar som har rømt frå heimlandet. Regimet i Bagdad er eit shiamuslimsk regime som trakasserer, forfølgjer og plagar trusbrørne desse demonstrantane har heime i Irak. Sunniane i Irak slår tilbake. Dagsrevyen fortel dagleg om det som skjer, med bomber og titals døde kvar dag.

Dagens religionskrig, med eit brennande hat, dukkar altså opp i fredelege Tidemandsgate på Frogner, og vår eiga historie presser seg fram i minnet. Ved reformasjonen sprakk den romersk-katolske kyrkja i fleire bitar, fleire og fleire. Saman med eksisterande politiske spenningar og motsetningar kom dette til å utløyse dei europeiske religionskrigane, ein blodig periode i europeisk historie.

Gjennom heile trettiårskrigen, som også var ein religionskrig, frå 1618 til 1648, marsjerte store hærar på kryss og tvers gjennom Europa og drap, brende og øydela. Visse område brukte hundreår på å kome til hektene igjen. Inkvisisjonen vart sett opp for å verne trua, og gjorde det med grotesk bestialitet. Spania vart reinsa for protestantar. Under bartolomeusnatta i Paris 24. august 1572 vart 2000 protestantar, såkalla hugenottar, drepne i samband med eit kongebryllaup.

I England spissa det seg til då kongen, Henrik VIII, ville ha ny kone og skilje seg frå den gamle. Om han skulle få viljen sin, måtte paven godta skilsmålet frå den første kona. Elles ville ikkje det nye giftarmålet bli gyldig, og då ville ikkje eventuelle born i det nye ekteskapet kunne arve trona. Og då vart dette storpolitikk. Strid om kongeleg arverett kunne utløyse katastrofar, som det ofte gjorde.

Paven nekta. Henrik løyste dette ved å bryte med paven og kyrkja hans. Paven svara med å lyse Henrik i bann, eit bann han fornya mot dotter hans, Elisabet I. Og så var eit langvarig blodbad i gang. Under katolikken Maria, kalla «den blodige», eldste dotter til Henrik, vart 300 protestantar brende i dei fire første åra hennar. Det vart kamp om kongsmakta. Katolikkar og protestantar kom og gjekk. Kongar og dronningar, Karl og Maria Stuart, vart halshogne. Historia konstaterer sakleg: Under Elisabet vart det avretta fire katolikkar om året, mot 56 protestantar i året under Maria den blodige.

Samtidig med striden mellom katolikkar og protestantar var det også konflikt mellom kongen og parlamentet, mellom kyrkja og puritanarane. Oliver Cromwell vart førar for puritanarane. Han skipa ein eiga hær, jernsidene. Med hæren sin slo han først den katolske stuartkongen, den før nemnde Karl, før han jaga parlamentsmedlemene, også biskopane, heim. Kong Karl vart halshogd. Innimellom var han over i Irland og kua irane med stor brutalitet. Han var Irlands bøddel. I 1653 vart han utropt til Lord Protector, og han styrte England som ein puritansk diktator til han døydde i 1658. Etter hans død braut regimet saman. Oliver Cromwell vart gravlagd med pomp og prakt, ved sida av nasjonens største menn, i Westminster Abbey.

Der fekk han ikkje liggje i fred. Stuartane kom tilbake. Karl II vart den nye katolske kongen. Han hadde mykje å hemne. Rettnok lova han amnesti til dei som hadde stridd mot familien og religionen hans. Men amnestiet galdt ikkje kongemordarane, som hadde drepe far hans. Av dei var fleire døde, deriblant Oliver Cromwell. Men dette fann dei råd for.

Dette vedtaket vart gjort: Overhuset og Underhuset, samla i parlamentet, gav ordre om at lika av Oliver Cromwell, Henry Ireton, John Bradshaw (presidenten i domstolen som dømde Karl I til døden) og Thomas Pride, som låg gravlagde i Westminster Abbey eller andre stader, straks skulle gravast opp og fraktast på bøddelkjerra til Tyburn (rettarstaden) for der ei tid å bli hengde i kistene sine, for så å bli nedgravne under galgen.

Så vart gjort. Hemnen kravde sin rett, også over dei døde.

Dette skjedde i England, mor til mange av tankane våre om demokrati og styringsform, tankar som er meir avkjølte enn liknande tankar i det boblande Frankrike, og meir elastiske enn i det strikse Tyskland.

Men det religiøse hatet dreiv dei til å bryte gravfreden og gå så langt inn i barbariet det var råd å kome.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis