Det mørke rommet

Alireza Firouzja (15) kom på 6. plass i VM i hurtigsjakk i romjola og får no gratis trening av DrNykterstein (verdsmeister Carlsen) på veg mot verdseliten. Iranaren vert betre for kvar dag.
Alireza Firouzja (15) kom på 6. plass i VM i hurtigsjakk i romjola og får no gratis trening av DrNykterstein (verdsmeister Carlsen) på veg mot verdseliten. Iranaren vert betre for kvar dag.
Publisert

Denne spalta dyrkar til vanleg sjakknostalgien, men denne veka skal vi inn i ei verd der framtida står på spel: det mørke rommet på internett.

Eg tenkjer ikkje på mainstreamsjakk på plassar som Chess.com, der nordmenn i hundretusental spelar mot andre amatørar verda over, der nordmenn utgjer den snøggast veksande gruppa, men òg den sjakkfagleg veikaste. Under VM-kampen i november fekk Chess.com 600 nye norske medlemer kvar einaste dag.

Det mørke rommet er ein annan plass, der trendar skiftar så snøgt at vanlege amatørar aldri vil finna fram. Eg vart klar over eksistensen av det mørke rommet då son min (19) forsvann i tre månader. Då han til slutt kom ut av guterommet, hadde han spela 5000 parti, altså meir enn 50 parti om dagen, men ikkje i vanleg sjakk. Han spela avantgarde sjakk av typen crazyhouse, der reglane har ein vri: Om kvit til dømes tek ein svart laupar, får kvit på handa ein kvit laupar til å setja inn på brettet. Son min spela kvar einaste dag mot folk som Fabiano Caruana og Levon Aronjan i denne bisarre, lukka verda.

Men det mørke rommet er ikkje rein science fiction. Her er òg vanleg sjakk, om ikkje heilt vanleg: Ein spelar med eitt minutt på heile partiet (såkalla «bullet») eller med berre 30 sekund per parti («hyperbullet»). Den amerikanske stormeisteren Andrew Tang (19) dominerer i ekstremdisiplinen 15 sekund per parti («ultrabullet»).

Eg trur den neste kongen av sjakkverda kan vera i det mørke rommet. I dag heiter plassen lichess.org, ein ikkje-kommersiell server programmert for moro skuld av eit idealistisk fransk datageni. Magnus Carlsen herjar her under to ulike pseudonym: DrDrunkenstein og DrNykterstein. I denne veka vann DrNykterstein ti bulletparti på rad mot den nest beste spelaren, den kviterussiske stormeisteren Sergej Zjikalko (29).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement