Det moderne spelet
Dag Østerberg følgjer moderniteten og sjakken gjennom 260 år.
Foto: Erik Johansen / NTB scanpix
Den mangslungne tenkjaren Dag Østerberg (1930–2017) gav i 1999 ut ei kulturhistorie, Det moderne: et essay om Vestens kultur 1740–2000, som eg no skal redusera til ei snøgg reise i sjakkhistoria. Østerberg vart noregsmeister for juniorar i 1956, og sjakkreferansane nedanfor er henta frå boka hans.
Moderniteten er hos Østerberg trua på fridom, fornuft og framsteg. Det byrjar med opplysningsfilosofane Diderot og Rousseau, som møtte kvarandre over sjakkbrettet, der Diderot nesten alltid tapte. Her vart dei òg kjende med Philidor – den fremste sjakkmeisteren i verda på 1700-talet. Musikksosiologen Østerberg analyserer universalgeniet Philidor som musikar og komponist. Han var den teknisk beste komponisten i Frankrike i samtida og den fyrste som sette musikk til dikting om vanlege folk frå mellomklassa.
Under romantikken på 1800-talet måtte ein ofra seg for kunsten og ta imot alle offer på sjakkbrettet. Ein dyrka ideala frå mellomalderen. Sjakken byrja organisera dei såkalla turneringane sine etter modell frå riddarspel i mellomalderen.
På byrjinga av 1900-talet kom hypermodernistane inn i sjakken. Ifylgje Østerberg var sjakktenkjaren Aaron Nimzovitsj paranoid, og difor utvikla han teorien om «overdekking» av viktige brikker og felt på sjakkbrettet. På same tid lanserte Richard Réti ideen om «fianchetto» (flankeutvikling av lauparen) som arkitektursosiologen Østerberg – ganske overraskande, men treffande – analyserer som eit motstykke til funkisstilen i byggjekunsten.
Under den kalde krigen dominerte «stormeisterremisane» og ei varsam krigføring i lukka, indiske opningar. Partane sa seg nøgde med ein halv siger. Men så kom amerikanaren Bobby Fischer og vart verdsmeister i 1972 med «turbosjakk», det vil seia aggressive midtspel og den oppjaga stemninga som er karakteristisk for turbokapitalismen, skriv marxisten Østerberg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.