Det industrien bar med seg

Arbeidsplassar på trikotasjefabrikkar har vorte flytta til lågkostland.
Arbeidsplassar på trikotasjefabrikkar har vorte flytta til lågkostland.
Publisert

Den industrielle revolusjonen er kanskje den mest dramatiske endringsprosessen samfunna våre har opplevd. I dag pregar han samfunnet vårt, levestandarden og dagleglivet på alle nivå, i media, i all slag trafikk, på kjøkkenet, på sjukehuset, i kva som helst.

Det er kanskje berre kunsten og religionen som har greidd å verne seg mot den enorme formande makta hans.

Det starta i England mot slutten av 1700-talet. Medan arbeidet gjennom historia stort sett hadde vore ei oppgåve for menneske og dyr, med litt hjelp frå vind og vasskraft, vart det no utvikla teknologi som kunne setje svære energimengder i arbeid. Dei nye maskinane åt energi, som det var nok av, og leverte arbeid i store mengder.

Og arbeid skapte rikdom, som det alltid har gjort. Vestens rikdom og velstand var på veg inn i historia. Det kom ein velstandsauke verda aldri hadde sett maken til. Men det kom noko meir. Medan folk tidlegare hadde hatt arbeid på små og spreidde arbeidsplassar, gardar, verkstader, smier, husflid med rokkar og vevstolar og anna smått, vart dei no samla rundt fabrikkar og gruver, i store mengder. Tallause nye arbeidsplassar vart skapte.

Ein arbeidsmarknad var skapt. Og arbeidarklassa var skapt. Dette var arbeidsfolk som såg og oppdaga kvarandre, og som forstod at dei måtte halde saman og løfte i flokk. Om dei skulle få eit betre liv, måtte det skapast ved klassesolidaritet.

Denne innsikta skapte politiske krefter som kom til å endre det meste: arbeidsvilkår, fordelingsnøkkel for det som vart produsert, lovverk rundt arbeidet og mykje meir.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement