Språk

Det herre her

Publisert

Me kan ikkje berre gå her og bruka ordet her utan å sjå nærare på det. Rett nok er det mangt anna her i verda som lyt få merksemd, men her er mange grunnar til å granska dei småe orda som sprett fram her og der i setningane våre. Ingen skal koma her og seia at her er eit inkjevetta!

Mykje kan seiast om motstykket til her, der, men me er samla her i dag for å saumfara fyrstnemnde. Her er eit gamalt stadadverb med hovudtydinga ‘på denne staden’. Ordet har lenge vore nytta om tid òg, då med tydingane ‘no, på denne tida; nyss’. I norrøne tekster finn me til dømes hér eptir (‘etter dette, etter denne tid’, jf. heretter). Herifrå er ikkje vegen lang til «her i går» og «her om dagen» eller «her ein dagen».

Men kvar kjem her ifrå? Herom stridest dei lærde, kunne me ha sagt, men beint fram omstridd er etymologien ikkje, berre uviss. Det ser ut til at her er runne av ei germansk rot som tydde ‘den(ne) her’. Rota skal òg liggja til grunn for adverbet hit, det engelske pronomenet it (‘det’, gamalengelsk hit) og tysk heute (‘i dag’). Me har òg adverb som høyrer i hop med og kan tyda det same som her, til dømes hera, heran(e) og herne (berre det siste står i Nynorskordboka).

Her kjem ofte i fylgje med eit anna adverb: «her heime», «her inne», «her borte», «her nede». Ja, eller det står i lag med ein preposisjon og eit substantiv, jamfør «her i huset», «her i garden», «her på bruket», «her i landet (el. til lands)» og «her i livet». Ordlaget «her på berget» kjem frå Holberg-stykket Erasmus Montanus.

Ofte nyttar me her til å seia noko om staden me er på her og no («her var det fint, mørkt, kaldt»), eller rettleia andre: «Du skal svinga inn her.»

Me plar òg gripa til her når me er strenge eller kritiske: «Kom her!» «Høyr no her!» «Kva er dette her for noko?» «Fint meg her og fint meg der!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement