Frå bridgeverda
Det gjævaste trofeet
USA vann gull i verdsmeisterskapen i bridge, som vart spela i Danmark for nokre veker sidan.
Foto: World Bridge Federation
Verdsmeisterskapen for nasjonslag, Bermuda Bowl, er framleis den gildaste av alle bridgetevlingar og blir arrangert annakvart år. Åra imellom blir nytta til regionale kvalifiseringstevlingar, til dømes EM. I VM er ei viss mengd plassar fordelte mellom lag frå kvar av dei åtte sonene i verdsbridgeføderasjonen, WBF – totalt 24 land får vera med. Så spelar dei kvalifiserte nasjonane alle mot alle i eit innleiande grunnspel, før dei åtte beste går vidare til sluttspel med kvartfinale, semifinale og finale. Det heile tek tolv dagar, og finalistane vil til slutt ha spela 658 spel.
Etter å ha vunne EM i fjor var Noreg kvalifisert til 2025-utgåva av Bermuda Bowl, som nyleg gjekk føre seg i Herning i Danmark. Diverre vart verdsmeisterskapen ein nedtur, då det norske laget hamna på 9. plass i grunnspelet, ein hårsbreidd unna avansement.
Vel ein å tenkje på seg sjølv som skandinav, var meisterskapen meir oppløftande. Både Sverige og heimelaget Danmark kom til semifinale, og møttest der. Det vart ein thriller der Danmark til slutt trekte det lengste strået. Sverige måtte spela bronsefinale mot overraskingslaget Belgia, og harva over dei. Danmark kjempa med nebb og klør i finalen mot USA, men amerikanarane vart eit hakk for sterke og kunne ta med seg gullet heim.
Soga om verdsmeisterskapen er komplisert, men den korte versjonen er at ymse fleirnasjonale tevlingar vart arrangerte på 30-talet, mellom anna i Oslo i 1938. Ein dominerande bridgenasjon på denne tida var Austerrike, og andre verdskrigen gjorde slutt på det meste av internasjonal bridge. I 1950 tok den bermudiske eldsjela Norman Bach initiativ til ein kamp mellom USA, Storbritannia og eit kombinert svensk og islandsk lag i Hamilton på Bermuda. Enno i dag leverer det bermudiske bridgesambandet pokalen til verdsmeisterskapen, altså sjølve «The Bermuda Bowl».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.