Det første – og det siste

Voluspå fortel at dei norrøne gudane tok eit dramatisk og blodig oppgjer med vondemaktene.
Voluspå fortel at dei norrøne gudane tok eit dramatisk og blodig oppgjer med vondemaktene.
Publisert

Vi bruker tankane vår til å ordne verda. Og det hjelper eit langt stykke på veg. Vi lagar oss lover, forma av røynslene våre. Alt som hender på jorda, har starta ein gong, meiner vi. Og det har ein ende: dagen, året, livet ­– og mykje anna. Og mellom starten og enden ligg ei spann av tid, av ulik lengd. Hendingar er i tida og bruker tid. Dette er greitt.

Men korleis starta verda? Og korleis skal ho ende?

Dei svara ligg ikkje i dagen, slik dagleglivet vårt gjer. Tanken strevar med det han ikkje veit og kan sjå.

Verda har alltid vore merkeleg og delvis uforståeleg. Dei fleste kjende kulturar har streva med dette, opphavet og enden. Kloke folk har tenkt.

Ei mykje nytta løysing har vore å skape ei gudemakt som sette det heile i gang, og som i si tid skal avslutte det. Jødane gjorde det, og det vart også vår skapingssoge. Gud, Jahve, den allmektige, skapte alt på seks dagar, før han tok helg.

Voluspå fortel kva forfedrane våre tenkte om dette. Først var ingenting, ikkje sand eller sjø eller jord, gras eller opphimmel. Så greip Burs søner inn, og bøar seg lyfte. Og verda var skapt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement