Descartes, Newton og tvilen

Isaac Newton
Isaac Newton
Publisert

René Descartes (1596–1650) tok tvilen inn i varmen. Før Descartes var tvilen sett på som eit tankens skadedyr, som reiv ned og øydela det andre hadde bygt. Tvilaren Thomas i Apostelgjerningane, som tvila på den oppstadne Jesus, fekk ingen ærefull plass i kyrkjesoga.

Descartes slo fast at tvilen var ein heilt nødvendig reiskap for menneskets erkjenning. Tvilen skulle passe på at tankeloftet vårt ikkje vart fullt av fantasi, fordommar, skrot og skrap. Tvilen skulle gjere oss til herrar i eige hus, som myndige menneske. Vi må tvile på alt, sa Descartes. De omnibus dubitandum est. Descartes gjorde tvilen til overdommar i all vitskap. Det som blir lagt fram som sanning, må tole tvilens stålbad.

Fire år før Descartes døydde, vart Isaac Newton fødd under små kår på ein gard i England. Han er av dei største i vitskapssoga. Hans største bragd er kanskje at han formulerte gravitasjonslovene, reglane for korleis ulike lekamar tiltrekkjer kvarandre. Det er gravitasjonen som held orden i himmelrommet, slik at stjernene, kvar og ei, kjenner plassen sin. Gravitasjonen gjer at dei held kvarandre på plass. Tyngdekrafta er vår daglege kontakt med gravitasjonslovene.

Newton var ingen enkel mann. Han hadde sterke meiningar. Han var mektig, mangeårig president i vitskapsakademiet. Newton kom ofte i krangel med folk. Det sosiale ettermælet hans er ikkje godt.

Og han sleit med tvilen på sitt eige verk.

På eitt punkt var han kjemisk fri for tvil. Han var ein bokstavtruande kristen, og trudde fullt og fast på mosebøkene som historiebøker. Moses var ein større historikar enn den greske klassikaren Herodot. Gud skapte verda på seks dagar for seks tusen år sidan. Newton justerte gresk og romersk historie mot Mosebøkene, slik at hendingane der kom på rett plass i forhold til Mosebøkene. Greske og romerske hendingar vart då flytta på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement