Den velsigna teknologien?
Damplokomotiv av type 31, som var eit høgfjellslokomotiv for Bergensbanen.
Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB scanpix
Teknologien er menneskets forsøk på å skaffe seg hjelpereiskapar til å greie seg i livet. Teknologispranga har vore mange, frå flint til metall, frå penn til boktrykking, frå den første primitive båten til romskipet. Då vi lærte å omskape energi til arbeid, ved å sette energien inn i maskinar som leverte arbeid tilbake, var industrien og vår moderne rikdom på veg inn i historia.
Samtidig er teknologien dramatisk samfunnsformande. Historia er full av forteljingar om folk som prøvde å stogge teknologien, fordi han tok arbeidet frå dei. Teknologien har skapt skepsis og motstand, men også entusiasme og optimisme. Når det i dag er mindre svolt i verda enn på svært lenge, kanskje for alle tider, er det teknologien å takke, plante- og dyreutvikling, kunstgjødsel og insektsmiddel.
Teknologiutviklinga skaut fart i kjølvatnet av utviklinga av vitskapen. Den auka kunnskapen om naturen gav grunnlag for at handverkarar, smedar og andre hendige folk kunne løyse krefter i naturen, eit fruktbart samarbeid mellom vitskap og handverk. Den franske encyklopedien – grunnboka for opplysingstida – var full av arbeidsteikningar for nyttige instrument og reiskapar. Det var ei tid for entusiasme.
I 1851 var det ei verdsutstilling i London, der det nye vart vist fram. Ei engelsk vekeavis skreiv om kor viktig den nye teknologien var for forståing og forsoning mellom folka. I 1851 hadde det ikkje vore krig i Europa sidan Napoleon vart send til St. Helena. Avisa skriv: «Kven kan seie, om vi hadde hatt eit jernbanenett gjennom Europa i 1780, og dampbåtar som pløgde mellom New York og Liverpool i same perioden, om Napoleon Bonaparte ikkje då heller ville blitt ein stor bomullsspinnar i 1810?» Teknologien kunne ha ordna opp i problema i fortida også, med andre ord. Blod kunne vore spart.
Jernbanen var kanskje det største av alle vedunder då han kom. Vi fekk vår første jernbaneline frå Oslo til Eidsvold i 1854. I 1859 reiste Aasmund Olavsson Vinje med toget på vegen til kongekroninga i Trondheim. I Ferdaminni frå 1860 fortel han om togturen: «Det er Livsens Aand i Hjulom» som Profeten talar om. Det er Mannatanken, som her paa Skaparvis hever blaasit Liv i Nosi paa Jordklumpen, og gjort Kol og Vatn og Eld og Malm til Tenaren sin; derfor skriker og frøser i Fugleflog denne Tenaren under Svipuslaget av vaar Aand, og me sitja paa vaar Sigervogn stoltare enn dei romerske Sigerherrar, og turva ikki som dei hava ein narreklædd Mann bak paa Vogni, som ropar til Manngarden paa baade Sidur av Sigerskeidet: ’Kom i Hug, store Mann, at du maa døy!’»
Vinje bles triumferande i den teknologioptimistiske trompeten. Vegen til framtida var opna. Og framtida køyrde tog. Om ikkje mennesket var blitt udøyeleg, så var det i alle fall ingen grunn til å mase om døden der og då. Toget forjaga slik uro.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.