Den vanskelege simultansjakken Folk utanfor sjakken vert ofte imponerte av simultanoppvisingar, der meisteren går frå bord til bord og spelar mot fleire motstandarar på same tid. Men kor vanskeleg kan det eigenleg vera? Her kjem nokre døme.
Magnus Carlsen er nett ferdig med oppvisinga i Wien.
Foto: Mads Nyborg Støstad.
Folk utanfor sjakken vert ofte imponerte av simultanoppvisingar, der meisteren går frå bord til bord og spelar mot fleire motstandarar på same tid. Men kor vanskeleg kan det eigenleg vera? Her kjem nokre døme.
Bob Wade, ein av dei store i britisk sjakk etter krigen, vitja Sovjetunionen i 1951. Som vanleg ved slike høve skulle meisteren òg få visa seg fram for borna. Han spela mot 30 sovjetiske skuleborn samstundes. Han fekk ti remisar – og tapte dei 20 andre partia.
Oppvisinga til Joe Hayden er ein klassikar. I 1977, berre 17 år gamal, skulle han setja amerikansk rekord ved å spela simultant mot 180 motstandarar. Diverre var det berre 20 som møtte opp til seansen på kjøpesenteret. Hayden tapte 18 parti, inkludert mot ein sju år gamal gut, og vann eitt parti av di motstandaren ikkje orka venta og forsvann. Den andre sigeren fekk han mot si eiga mor.
For Magnus Carlsen er simultansjakk ein leik, det vert for lett. Han kan òg spela blindsimultan mot ti spelarar utan store problem. Men han likar å tøya strikken, og under eit arrangement i Wien i 2015 freista han noko heilt nytt, som det ikkje finst noko ord for på norsk eller andre språk, nemleg blindsjakk-
klokkesimultan. Sjakklokka gjer at simultangjevaren med bind for augo ikkje lenger får høyra trekka i ei fast rekkjefylgje. Informasjonen kjem om lag slik: «Bord 4 Te6, Bord 2 Ld5, Bord 4 gxf6, Bord 1 Lxh7, Bord 5 Se7» og så bortetter. Og meisteren må sjølvsagt svara på trekka fortlaupande.
På scena i Wien hadde Carlsen fem motstandarar med berre tolv minuttar tenkjetid totalt. I snitt vart det under to og ein halv minutt per parti, og på denne tida skulle Carlsen òg kommunisera med domarane om trekka. Eksperimentet var eit fælsleg syn som framleis ligg ute på Youtube. Det vart eit fullkome kaos då den eine feilkommunikasjonen avløyste den andre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.