Fugleperspektiv

Den skye nøttekråka

Den sørvestlege underarten av nøttekråka er hasselnøttspesialist. Under tunga og i kroa er det plass til mange nøtter om gongen. Biletet er teke i Hov i Land.
Publisert Sist oppdatert

Det er nok ein heit dag i midten av juli. På toppen av Kampenparken i Oslo er den vesle, grunne kvadratiske vasspegelen full, og ein del barn leiker i vatnet. På sidene langs det grunne bassenget sit folk spreidde i skuggen til langnåla furutre.

Frå mitt hjørne ser eg nokre meter unna ein mellomstor, mørk fugl gynge på ei grein. Han verkar oppteken og vender meg ryggen. Eg har dårleg syn utan briller, men har til alt hell med meg kikkerten. På nært hald har den mørkebrune kroppen små kvite prikkar, bortsett frå på vengjene og toppen av hovudet. Så snur han seg og viser nebbet, det er langt og spist. Ei nøttekråke. Etter ei stund flyg ho av stad og syner i flukt eit karakteristisk kvitt band på den utfalda stjerttuppen.

Den fyrste tanken som streifar meg, er: «Så er det haust.» I midten av juli. Openberringa av nøttekråka i byparkar plar vere ei hausthending. Denne kråkefuglen er kjend for å vere svært sky, men vågar seg ut på opne flater når hausten sig på.

Der samlar han nøtter han kan leve på om vinteren. Nøttekråka er ein nordaustleg art, og Noreg ligg ytst på vestkanten av utbreiingsområdet. Austover lever ho gjennom store delar av Russland og heilt til Japan. På kontinentet finst ho i fjellskog. Ho held helst til i bar- eller blandingsskog.

Para som vert danna, held som regel saman livet ut, og dei er trufaste mot territoriet sitt, som plar strekkje seg over fleire hektar. Når hekkesesongen kjem, vert reiret bygt i eit bartre, men føda henta andre plassar, frå lager foreldra har samla under bakken.

I sørvest i utbreiingsområdet har nøttekråker spesialisert seg på hasselnøtter. Furutrea med dei lange, tynne nålene rundt vasspegelen på toppen av Kampenparken er sembrafuruer. Sambandet mellom desse trea og nøttekråka er også kjent, men frå andre hald.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement