Den siste romantikaren

Rudolf Spielmann i Uppsala i 1941.
Rudolf Spielmann i Uppsala i 1941.
Publisert

Praha og Wien, 25 mil frå kvarandre, er dei to store sjakkbyane rundt det førre hundreårsskiftet. Båe er sentrale i det mektige monarkiet Austerrike-Ungarn. Den fyrste verdsmeisteren i 1886, Wilhelm Steinitz, kom frå den jødiske gettoen i Praha. Med han vart sjakk vitskap.

Men i kafeane i Praha og Wien hadde dei glade amatørane praktisert den romantiske sjakken, der ein kan ofra brikker for eit nobelt mål: å setja kongen til motstandaren sjakk matt. Var denne romantiske ideen for naiv? Steinitz meinte det.

I 1883 vart Rudolf Spielmann fødd i Wien. Han gjekk direkte til åtak på kongen og skulle i 1935 skriva klassikaren Richtig Opfern! (engelsk tittel: The Art of Sacrifice in Chess). Det er slik sjakk amatørane elskar.

Spielmann slo godt frå seg på sjakkbrettet og vann eit trettital store turneringar. Han hadde til dømes heilt jamn score mot den cubanske verdsmeisteren José Raúl Capablanca (6–6). Spielmann var ungkar og ein fanatisk sjakkspelar, men elles ikkje eksentrisk på noko vis. Han var intelligent, høfleg og godt likt. Men Europa var i krise.

På 1930-talet flykta jødiske Spielmann til Nederland. Han drog snart vidare til Praha, men der var det heller ikkje trygt. I desember 1938 sende han eit desperat brev til leiaren for det svenske sjakkforbundet, Ludvig Collijn, som hadde hjelpt han ein gong etter den fyrste verdskrigen, i 1919. Collijn stilte opp på ny og fekk sjakkmeisteren til Sverige i 1939.

Diverre døydde Collijn like etter, og Spielmann måtte finna nye alliansar i svensk sjakk. Den nye leiinga i det svenske forbundet var nazivennleg og gjorde alt dei kunne for å øydeleggja for sjakkens siste romantikar. På same tid vart broren og systera til Spielmann tekne av tyskarane i Tsjekkoslovakia og sende til ein konsentrasjonsleir. Spielmann freista ta del i svensk sjakkliv, men i august 1942 gav han opp. Han låste seg inne på rommet sitt og døydde av svolt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement