Den siste furuaI ei lita amerikansk bygd, seks timar med buss frå Los Angeles, står ei einsleg furu: Lone Pine – ein plass der ein kan spela inn

Hovudgata i Lone Pine.
Hovudgata i Lone Pine.
Publisert

I ei lita amerikansk bygd, seks timar med buss frå Los Angeles, står ei einsleg furu: Lone Pine – ein plass der ein kan spela inn Western-filmar, eller trekkja seg attende og nyta alderdomen. Ein amerikansk mesen budde her på 1970-talet og inviterte stormeistrar frå heile verda for å kjempa om store pengar.

Før den siste runden rekna deltakarane snøgt på ulike scenario. Det er i slike høve ting kan skje som publikum helst ikkje vil vita om. Det er sjølvsagt enklare å avtala eit resultat i sjakk enn i lagspel. Eg vil tru slikt skjer på det nest høgste nivået der skilnaden på ein stor og liten pengepremie kan vera ei årsløn.

Den russisk-nederlandske stormeisteren Gennadij Sosonko har skildra ein slik kveld før den siste runden i Lone Pine. Den gongen var det om lag 90 stormeistrar i heile verda. Dei 40 som budde i Sovjetunionen, kunne ikkje reisa fritt, medan mange av dei andre lét seg lokka til Lone Pine.

Då samansettinga for siste runde vart klår, samla spelarane seg på den eine vesle kafeen i bygda. Sosonko skulle spela mot den amerikanske stormeisterpresten William Lombardy, «Fader Bill». Reknestykket var enkelt: Om dei spela remis dagen etter, ville dei båe enda med eitt tusen dollar i premie. Om ein av spelarane vann, ville taparen dra heim utan premie medan vinnaren ville få 9000 dollar, ein uvanleg stor sum for ein heilt vanleg sjakkstormeister på den tida. Til saman kunne dei altså tena 2000 eller 9000 dollar.

Seint på kvelden hadde alle gått heim – berre Sosonko og presten sat att på kafeen. Dei tok eit glas til; éin måtte seia det fyrste ordet. Men ingen tok initiativet. Dei berre sat der til kafeen stengde, og dei vart kasta ut.

Dei gjekk ut i natta langs den einaste gata i bygda. Dei stansa utanfor hotellet. Dei var åleine i den friske nattelufta. Hjarterytmen auka kraftig, skriv Sosonko. «Well … Good night, Genna», sa presten med ei trist mine. «God natt», svara Sosonko like trist.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement