Den lange vinteren

Fimbulvinter. Målarstykke av John Charles Dollman (1851–1934).
Fimbulvinter. Målarstykke av John Charles Dollman (1851–1934).
Publisert

Dei fleste kulturar har ei forteljing om korleis det heile starta, ei skapingssoge. Og dei har ei forteljing om avslutninga. Det ser ut til at det er innebygt i mennesketanken eit krav om at alt må ha ei grense, også tida. Det tidlause, grenselause, evige ser ut til å vere ein uhandterleg tanke. Og det er gjerne gudane som har hand om tida, når ho byrjar og når ho må avsluttast.

I vår kulturkrins overtok vi den jødiske skapingssoga, medan kristendommen og Johannes på Patmos gav oss apokalypsen, avslutninga. Rommet for historia er rommet mellom Paradiset og Kristi attkome.

Hos forfedrane våre var det ein gud som heitte Allfader som skapte himmelen og jorda og lufta og alt som høyrer til der, «årle i old», som det heiter i Voluspå. Og Ragnarok er undergangen, avslutninga. Og Ragnarok er kaldt. Snorre-Edda fortel: «Det fyrste er at det kjem ein vinter som er kalla Fimbulvinter. Då driv det snø or alle ætter, det er sterk kulde og kvasse vindar, ingen ting har gagn av sola». For folk her oppe i nord var kulden ein fiende, ei naturleg undergangsmakt, som djevelen lenger sør.

Men var dette berre fantasi, utløyst av eit stabilt kaldt klima? Nei, vil arkeologar og andre fagfolk i dag meine. Fimbulvinteren byggjer på historisk røynsle, ei katastrofal klimaendring, som forfedrane våre har tatt med seg og flytta til den endelege undergangen, Ragnarok.

Historiske funn av mange slag viser at året 536 e.Kr. var ei katastrofalt år i Europa, også i Skandinavia. Årringar i tre viser at trea omtrent ikkje voks det året, heller ikkje mykje i dei næraste åra etterpå. Året 542 var også svært dystert. Borekjernar frå gamle isbrear viser stort nedfall av svovel i desse åra. Kjelder frå Italia og Hellas fortel om ein sommar som vart til vinter.

Syndaren er to store vulkanutbrot som sende store menger finkorna støv opp i atmosfæren, der støvet vart verande i årevis, og der det filtrerte bort sollyset. «... ingenting har gagn av sola», sa Snorre-Edda. Kjeldene frå Middelhavet bruker liknande formuleringar. Åra etter 536 viste seg å vere dei kaldaste på 2000 år. Og kulden varte lenge.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement