Den lange sjakksumaren

Magnus Carlsen imponerer på nettet. Han har vunne godt over tre millionar kroner sidan april.
Magnus Carlsen imponerer på nettet. Han har vunne godt over tre millionar kroner sidan april.
Publisert

Då eg fyrst tenkte på denne vesle stubben for eit par veker sidan, var planen å skriva ein kritisk tekst. Det vart ofseleg mykje Magnus Carlsen i fire månader. Og mykje som kunne gå gale. Men så gjekk det ikkje gale. Spaninga vart berga av Hikaru Nakamura, og sjakksumaren fekk ein lukkeleg slutt.

Kva har eigenleg skjedd etter at den fysiske brettsjakken forsvann? Allereie i april kom turneringa Magnus Carlsen Invitational på plattforma Chess24.com. Carlsen vann og fekk blod på tann. Formatet vart utvida til fem turneringar i den grandiose Magnus Carlsen Chess Tour 2020. I praksis spela Carlsen utan opphald. Dei dagane han ikkje spela i touren sin, var han ofte aktiv på andre plattformer, der han òg vann.

Var denne overdosen med Carlsen så smart, då, tenkte eg, samstundes som eg sjakkfagleg var særs imponert då verdsmeisteren vann tre av dei fire fyrste turneringane i touren. Den mest interessante var turneringa han ikkje vann: Lindores Abbey (med namn etter denne skotske whiskyen som sponsa turneringa) i mai–juni, der Carlsen var i semifinalen mot amerikanaren Nakamura. Etter tre dagar og elleve parti enda duellen i Armageddon (eit siste avgjerande parti der svart vinn med remis). Her tapte Carlsen med kvit.

«I’ll be back», sa Carlsen. Nakamura tapte whiskyfinalen mot russaren Daniil Dubov, medan Carlsen i dei neste turneringane vann 19 duellar på rad mot verdseliten. Det nye duellformatet med mange parti over mange dagar gjer at motstandarane til Carlsen eigenleg ikkje har noka von om siger. Så kom den store finalen i førre veke i den femte og siste turneringa: Carlsen mot Nakamura i ein finale over sju miniduellar. Eg frykta eit antiklimaks, til dømes ein enkel siger med 4–0 til Carlsen etter berre fire dagar. Carlsen er best, og kva så? Men det vart spanande då snøggsjakkspesialisten Nakamura var i leiinga nesten heile vegen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement