Den gamle mannen og havet
Kasparov utfordrar Carlsen. Her frå ei privat treningssamling i Kroatia i 2009.
Foto: Kasparov.com
Garri Kasparov (57) såg utover Adriahavet. Han ville freista lukka éin gong. Han ville utfordra Magnus Carlsen (29).
Den politiske aktivisten som til vanleg bur i New York (i politisk eksil), sat i sitt eige sjakk- og datarom i feriehuset i Kroatia (i koronaeksil). Mannen som revolusjonerte opningsteorien på 1980- og 90-talet, og som seinare selde den superhemmelege databasen sin med opningsanalysar til ein norsk tenåring, er for gamal til å ta del i den daglege forskinga på sjakkvariantar. Det får ungdomen med datamusene gjera. Kasparov har nok med å kjempa på to frontar mot Putin og Trump.
Men han er den største levande sjakklegenda etter at Bobby Fischer døydde i 2008. Kasparov har skjøna at nett fischersjakk er hans siste von, sjakkvarianten der ein trekkjer lodd om utgangsstillinga, slik at det ikkje er mogleg å førebu seg på opningsstrategiar. Om den gamle framleis er genial, vil visa seg her.
Det var eit fantastisk felt i den virtuelle turneringa Champions Showdown: Chess 9LX. I fyrste runde fekk vi eit fyrverkeri av eit parti mellom 57-åringen og 17 år gamle Alireza Firouzja, guten som er rekna som det største sjakktalentet i verda. Den gamle mannen vann. Han gjorde ein sigersgest med handa, reiste seg frå stolen og såg ut mot havet.
Den store duellen kom tidleg, alt i 2. runde: Kasparov mot Carlsen, hjerne mot hjerne. Carlsen hadde alt å tapa, men båe spela for historiebøkene. Carlsen pressa og gjekk mot siger, men gjorde ein tabbe og slo ut med handa i raseri. Den gamle mannen berga remis. Han reiste seg og smilte ut mot havet.
I 3. runde spela Kasparov mot Peter Svidler (44), åtte gonger russisk meister i klassisk sjakk. Som trening til fischersjakken hadde dei to veteranane spela 16 parti mot kvarandre, og den eldste hadde vunne nesten alt. Men no kom nervane. Den gamle amatøren tolte ikkje å vera favoritt. Han tapte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.