Den gamle mannen og ertesuppa I 80 år har sjakkfolket samla seg rundt ertesuppa på banketten etter turneringa i den nederlandske landsbyen

Johan van Hulst held årets tale i Wijk aan Zee.
Johan van Hulst held årets tale i Wijk aan Zee.
Publisert

I 80 år har sjakkfolket samla seg rundt ertesuppa på banketten etter turneringa i den nederlandske landsbyen Wijk aan Zee. «Kvifor må vi gjennom dette?», sutrar nokre av stormeistrane, men dei fleste ser opp og spissar øyra når Johan van Hulst held talen sin. Jamvel Carlsen kjem med eit smil og lurer på kva mannen skal seia denne gongen.

Alt i 1935 følgde van Hulst VM-kampen i Amsterdam mellom verdsmeister Aleksandr Alekhin og nederlendaren Max Euwe. Han diskuterte sjansane til Euwe med eksverdsmeister Emanuel Lasker, som vann tittelen i 1894. Euwe slo Alekhin på heimebane og skapte om ikkje sjakkfeber, så ein sjakkultur i Nederland for dei neste hundre åra.

Van Hulst var sentral i denne kulturen. Under krigen var han rektor på ein skule i Amsterdam, der han hadde ein god tone med tyskarane. Jødiske born vart skilde frå foreldra som vart sende til konsentrasjonsleirane. Borna skulle òg dit, men dei hamna fyrst på ein mellomstasjon på ein barneheim driven av Henriëtte Pimentel like ved skulen til van Hulst.

Tyskarane skjøna ikkje spelet til Pimentel og van Hulst, som i 1942–43 smugla born ut frå barneheimen og gøymde dei på skulen. Mellom 500 og 1000 born vart berga på dette viset før Pimentel vart arrestert i april 1943.

Det var framleis 100 born på heimen. Rektoren visste at borna ville døy. «Det var den verste dagen i livet mitt. Eg tok med meg 12 born, men seinare spurde eg meg sjølv: ‘Kvifor tok eg ikkje 13?’». Pimentel døydde i Auschwitz hausten 1943, men tyskarane skjøna aldri kva for ei rolle van Hulst hadde i operasjonen.

Etter krigen vart van Hulst parlamentarikar og professor og fekk den jødiske utmerkinga «rettferdig blant nasjonane». Han var framfor alt sjakkspelar. Vesle Magnus fekk tilnamnet «Sjakkens Mozart» då han 13 år gamal vann C-gruppa i Wijk i 2004. I januar i år vann Carlsen A-gruppa for sjette gong. 107 år gamle van Hulst stod som alltid for høgdepunktet på banketten med ein tale til spelarane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement