Den første togreisa
William Huskisson vart det første dødsofferet i jernbanehistoria.
I 1830 var den teknologiske utviklinga komen så langt at det var tid for toget å dukke opp. Skjener fanst, der hestar drog vogner. No var dampmaskina komen. Ho kunne produsere energi kvar som helst, også på ei rullande vogn. Georg Stephenson hadde vunne ein konkurranse om det første lokomotivet. No skulle det prøvast. Ein liten flokk fekk bli med på prøveturen
Samtida reagerte med skepsis. Lokomotivet var «eit uhyrleg monster i dødskamp, med innvolar som brennande kol», var det ein som skreiv. Ein prest fortalde om tenaren sin, som han hadde tatt med for å sjå eit tog passere. Då toget for forbi, «spyande søyler av svovelrik røyk (…) fall tenaren nasegrus ned på bakken som om han skulle vore slått av lynet». Då han omsider kom seg på beina igjen, gjekk det framleis rundt for han. Etter fem minutt fekk han talens bruk tilbake, «Kor lenge skal kunnskapen ha lov til å vekse og vekse på denne måten?» sa den forvirra tenaren.
Så kom den offisielle opninga av den første jernbaneruta: Liverpool–Manchester. 400.000 menneske stod langs ruta denne våte septemberdagen i 1830. Lord Wellington, helten frå Waterloo 15 år før, var no statsminister og såleis heidersgjest på den første turen. Han var skeptisk til heile prosjektet, og meinte det var dødfødt.
Det var mykje fint folk med: 700 inviterte gjester fordelte på sju tog. Midtvegs stoppa toget for å fylle vatn, og det vart høve til å lufte seg. Huskisson, parlamentsmedlem frå Liverpool og jernbaneentusiast, helsa på statsministeren i pausen. Medan dei stod og prata, kom eit av dei andre toga farande på eit parallellspor. Det vart mykje roping og skriking, og ambassadørar, grevar og lordar sprang i alle retningar. Huskisson vart forvirra av denne dramatiske situasjonen, og vart ståande. Ein av dei andre på toget fortel: «Huskisson miste fatninga og såg seg hjelpelaust om til alle kantar, før han vart lagt i bakken av denne livsfarlege maskina, som slo ned på han som eit lynnedslag og knuste foten hans.»
George Stephenson hadde ført toget med statsministeren om bord. Han greip no inn, og fekk Huskisson lagt på ei vogn med eige lokomotiv. Med dette vesle toget rasa dei mot næraste by for at Huskisson skulle få førstehjelp. Det vart sett fartsrekord, 60 kilometer i timen.
Det enda ille. Huskisson kom til å bli det første dødsofferet i jernbanehistoria.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.