Språk

Deltakar med fordelar

Publisert Sist oppdatert

Ein stor del av ordskifta våre dreiar seg om deling. Me drøfter delprivatisering, deleliner, laginndeling, deleøkonomi, prisutdelingar, deltidsstillingar og ikkje minst ressursfordeling.

Alle veit at nokre får ein stor del av kaka, medan andre får lite eller inkje, men det er delte meiningar om korleis problemet kan løysast – og om det er eit problem i det heile.

Det er delte meiningar om del og dela òg. Størstedelen av språkbrukarane tykkjer nok at det er ei udelt glede å ha slike lettbruka ord for handa, men her finst ein brøkdel som ikkje deler det synet. Dei tykkjer at det vert vel mykje deling, og at me gjerne kan ymsa ordbruken meir. Del og dela held mål, for all del, men dei femner mykje og er mestsom litt runde. Stundom er det ein fordel, andre gonger høver det best med nøgnare nemningar. Å dela kan vera å kløyva, stykkja (opp), halva, skilja (ut), sundra, greina (ut), flisa (opp), tviskifta, byta seg imellom, etla ut, eiga i lag og so frametter. Her finst ein god del avløysarar til del òg, som bit, bete, bolk, (brot)stykke, grann, smule, lekk og lut.

Del og dela er likevel i sving store delar av tida, og dei har aldeles ikkje tenkt å draga seg attende og stå og stura på eigen banehalvdel eller gå i dekning på eit delelager. Merk likevel at her finst to avdelingar med del-ord: ei heimleg og ei meir framand. I den heimlege avdelinga finn me ord og former som hokjønnsordet deild (‘bolk; part; merkestein’, norr. deild), hankjønnsordet deil og verbet deila (norr. deila). Dei var eineformer i landsmål. Tilsvarande former i andre mål er tysk Teil (‘del; område’) og teilen (‘dela (på); ta del i’) og engelsk deal (‘handel; avtale’ mfl.) og deal (‘handla med; handsama, ta seg av’). I dag er dei heimlege deil-formene so å seia borttrengde av del og dela, som kjem frå lågtysk. Det same har hendt i dansk og svensk, medan islandsk og færøysk held på deil-.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement