Dei udøypte borna

Snikkaren kjem med likkista til det døde barnet.
Snikkaren kjem med likkista til det døde barnet.
Publisert

I 1993 skipa Bokåret ein konkurranse i Møre og Romsdal om den eldste boka, trykt i Noreg, som fanst i fylket. Vinnaren vart fjerde bandet av Postilla Catechetica, trykt i Kristiania i 1652, eigd av Erling Bjørkedal. Jostein Fet fortel om dette i boka Stemmer frå ei fjern tid.

Postilla Catechetica er eit verk på 8900 sider i åtte store band, utgitt av Christen Staphensøn Bang på eigen kostnad i tida 1652–1665. Heile verket er ei lang forklaring på Luthers katekisme.

Den lutherske læra var truga av katolisisme og kalvinisme. Læra måtte forsvarast ved å spreie kunnskap om den rette lutherske læra. Og det vart brukt makt. Dei som ikkje tileigna seg trusartiklane, fekk ikkje gå til nattverd. I 1645 kom det påbod om at presten ikkje fekk trulove folk som ikkje kunne sin barnelærdom. Katekismekunnskap var nødvendig både for å vere fullverdig kyrkjemedlem og for å oppnå frelse i det neste livet, skriv Fet.

Det skapte marknad for ein stor litteratur om luthersk lære, gjerne i form av spørsmål og svar. Klassikaren vart Erik Pontoppidans forklaring frå 1737, med 759 spørsmål og svar. Pontoppidan gjekk nøye til verks. Om det sjette bodet skriv han:

«216. Hvad er hoeraktige Gebærder?

Svar: Allehaande udvortes Tegn, som forraade et u-blue Hierte, være sig Øynenes og Ansigtets Miner, Legemets u-anstændige Blottelse, u-anstændig Klæde-Dragt, lætferdig Kyssen, Dandsen, Springen og deslige.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement