Dei største bukkane Bruse

Geniet Bobby Fischer var meir enn nokon annan verdsmeister ein tragisk figur utanfor brettet.
Geniet Bobby Fischer var meir enn nokon annan verdsmeister ein tragisk figur utanfor brettet.
Publisert

Dei 16 verdsmeistrane i sjakkhistoria er alle sterke personlegdomar med gode og dårlege trekk utanfor brettet. Eg går systematisk gjennom dei største moralske tabbane deira, eller bukkane, som ein seier på sjakkspråket.

Verdsmeister Garri Kasparov (f. 1963) braut ut av verdssjakkforbundet FIDE i 1993. Han har seinare vore så ærleg at han har kalla dette for den største taktiske bukken i karrieren. I 1994 kuppa han det russiske sjakkforbundet og nekta den gamle rivalen Anatolij Karpov å vitja sjakkolympiaden i Moskva. Verdsmeister Karpov på si side hadde på 1980-talet aktivt nytta maktapparatet i Kreml og FIDE i kampen mot den unge, rebelske utfordraren Kasparov.

Verdsmeister Bobby Fischer (1943–2008), med to jødiske foreldre, spela ein duell mot Spasskij i Jugoslavia i 1992, då landet var under FN-embargo. Dette førte til ein uforsonleg konflikt med heimlandet USA. Fischer applauderte åtaket på amerikanarane den 11. september 2001 og la til frå eksil på Filipinane: «Eg vonar dei militære tek over landet og avrettar fleire hundretusen jødiske leiarar.»

Verdsmeister Boris Spasskij (f. 1937) er godt likt i sjakkverda, men miste litt av vørdnaden då den gamle mannen byrja argumentera for at jødane har for stor makt i Russland.

Verdsmeister Tigran Petrosjan (1929–1984) hadde tett kontakt med KGB og gjorde livet vanskeleg for mange av dei andre toppspelarane i Sovjetunionen.

Verdsmeister Mikhail Bot­vinnik (1911–1995) hjelpte ikkje dei gamle sjakkvenene sine som vart skulda for å ha eit formalistisk syn på sjakkestetikk. Fleire av desse døydde på veg til eller i fangeleirane til Stalin.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement