Frå historia

Dei store oppdagingane

Demokrit (460–370 f.Kr.) måla av Hendrick Bloemaert (ca. 1601–1672).
Demokrit (460–370 f.Kr.) måla av Hendrick Bloemaert (ca. 1601–1672).
Publisert

Dei såkalla store oppdagingane har fått stor plass i europeisk historie, saman med andre samfunnsformande storhendingar, som renessansen og reformasjonen. Store historieverk spanderer hundretals sider på det som hende frå 1400-talet og utover. Europa spreidde seg over verda. Nye land og folk vart oppdaga. Desse folka, i desse landa, hadde gjennom tidene levd sitt liv i desse landa. Men no vart dei oppdaga av europearane og vandra såleis inn i historia. Dei kom inn i den store europeiske forteljinga.

Og det var store ting som skjedde. Portugal, med Henrik Sjøfararen ved roret, spreidde seg mot nye verdsdelar, i Afrika, Asia og etter kvart Amerika, som var oppdaga av Christopher Columbus. Vasco da Gama fann sjøvegen til India. Hernán Cortez la under seg Mexico. Pizarro la under seg Peru og Inkariket. Magellan fann sjøvegen inn i Stillehavet mot Asia.

Europearane fann verda og la henne under seg. Og det var mange heltar i denne historia. Og fleire kom. Robert Clive gjorde India britisk, som Cecil Rhodes gjorde med delar av Afrika. Nye land, som Spania, Frankrike og Nederland, kom med i denne fordelinga av nyfunne land. Tyskland fanst ikkje på den tida og kom då for seint til å vere med.

I dag har desse forteljingane mist mykje av glansen. Avkoloniseringa har gått sin gang, og europearane er sende heim.

Den nyaste norske verdshistoria opnar omtalen av tida 1350–1500 med 117 sider om Europa, før det kjem 100 sider om verda utanfor Europa. Til slutt følgjer 40 sider om dei store oppdagingane. Dei er på nedtur i historiefaget. Sidetalet deira er på veg nedover.

I eit vitskapsprogram på BBC vart det hevda at nemninga «Dei store oppdagingane» bør flyttast i historia. Alle oppdagarane kom til stader der det var folk frå før. Dei fann det som var kjent av andre menneske enn europearane. Nemninga fortel først og fremst om europeisk vankunne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement