Dei som ikkje sat

Publisert Sist oppdatert

Lytt til artikkelen:

00:00
00:00
Press Enter or Space to show volume slider.

Det er dei som ligg og står, eg er interessert i, ikkje dei som sit rett opp og ned. Vil vi framleis dyrka fram slike personlegdomar den dagen alle sit ved ein skjerm? På 1980-talet hadde sjakken nokre typar av ei anna verd. Historia til dei to på biletet har eg høyrt mange gonger, men eg har alltid berre sett eit dårleg bilete av han som ligg. Det var fyrst i førre veke at båe spelarane dukka opp saman. (Takk, Internett!) Så her kjem tekstillustrasjonen min til biletet.

Vi skal til den nederlandske byen Tilburg og ei turnering hausten 1985 som samla åtte verdsstjerner. (Men dei to beste spela på same tid VM-kamp i Moskva, der unge Garri Kasparov vart krona som ny meister.) Personen til venstre er Tony Miles (1955–2001), den fyrste stormeisteren frå England. Han slo verdsmeister Anatolij Karpov i 1980 etter å ha opna partiet som svart med å flytta tårnbonden eitt steg fram (1…a6). Slikt hadde ein ikkje sett på toppnivå tidlegare.

I tredje runde i Tilburg fekk Miles store ryggproblem og bad om å få spela i eit privat rom. Motstandaren, den ukrainske stormeisteren Oleg Romanisjin, nekta å gå med på dette, og partiet vart flytta attende til hovudscena, der Miles byrja spela liggjande på ein benk.

Miles vann parti etter parti. Fire motstandarar, mellom anna Viktor Kortsjnoj, VM-utfordraren frå 1981, sende inn ein formell protest. Kortsjnoj var illsint etter han tapte med kvit mot ein liggjande Miles. Men den beste protesten kom frå kjederøykjaren Roman «Dzjin» Dzjindzjikhasjvili, som nekta å setja seg ned. Han spela partiet ståande!

Eksentriske Miles enda på delt fyrsteplass i Tilburg. Han var kjend for ein provoserande stil. I 1987 tok han ein sjakkonflikt opp til Downing Street, der han kravde å få prata med Margaret Thatcher. Miles døydde, berre 46 år gamal, av diabetes.

Kva med «Dzjin»? Den sovjetiske dissidenten frå Georgia var den store «hustleren» i sjakkverda. Han hamna i Washington Square Park i New York der han på 80-talet levde av lynsjakk, som kongen av dei heimlause og rotlause.