Ord om språk

Dei rette knappane

Å få knappar og glansbilete i løn er ikkje moro.

Ord om språk
Publisert Sist oppdatert

Me har maskiner og apparat ikring oss på alle kantar, og dei plar ha eit sett med knappar på seg. Mange byrjar dagen med å trykkja på slumreknappen på vekkjarklokka. Knappane på radioen og kaffimaskina får òg køyrt seg. Dersom mobilar og andre maskiner hengjer seg opp, kan me trykkja på «svenskeknappen»: nullstilla eller starta om att.

Knapp er i ætt med knopp. Me veit lite om opphavet, men nokre gissar at orda kjem av ei rot som tyder ‘trykkja saman’, og at dei opphavleg tydde ‘noko samantrykt’. Det er mogleg at adjektivet knapp («i knappaste laget») òg høyrer til her.

Norrønt knappr vart gjerne nytta om ‘noko rundt i ein topp eller ende’, som i ordet knapptjald (‘telt med knapp på teltstonga’). Det er slike knappar me støyter på i ord som flaggknapp (øvst på flaggstonga), salknapp (‘opphøgd del fremst på sal, gjerne prydd med ein knapp’) og sverdknapp (‘kule i enden på handtaket på sverd’). Og lat oss ikkje gløyma knappenåla! Stundom er det so stilt at me kan høyra henne falla.

Ei anna form for knapp er dei runde skivene eller kulene me hektar i hop eller pyntar klede med. Me har bukseknappar, mansjettknappar, skjorteknappar, trykk-knappar og dei avleidde verba knappa og kneppa. Symjeknappen er ein annan type knapp (dugleiksmerke).

Å få knappar og glansbilete i løn er ikkje moro. Derimot har folk mora seg med å nytta knappar som innsats når dei har spela med klinkekuler eller liknande. Seiemåten «halda ein knapp på» kjem radt derfrå?

Eller heng det i hop med «telja på knappane»? Når folk har vore i villreie om kva dei skal velja, har dei rådført seg med knappane på frakken eller eit anna plagg. Dei har ført fingeren frå knapp til knapp og sagt «skal, skal ikkje» eller «ja, nei». Ordet på den siste knappen avgjer saka. Om ei avgjerd løyser ei floke eller fører mykje godt med seg, kan det henda at me får ein blome i knappholet (‘få ære for noko’).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement